Matching Mole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Matching Mole
OpphavCanterbury, England
Aktiv1971–1972
1973
SjangerProgressiv rock, Canterbury scene
Tilknytte artistarSoft Machine, Hatfield and the North, 801
PlateselskapCBS
Tidlegare medlemmerBill MacCormick
Robert Wyatt
Phil Miller
Dave Sinclair
Dave MacRae
Francis Monkman
Gary Windo

Matching Mole var eit engelsk progressivt rockeband assosiert med Canterbury scene.[1] Robert Wyatt skipa bandet i oktober 1971 etter han slutta i Soft Machine og hadde spelt inn det første soloalbumet sitt, The End of an Ear (4. desember 1970). Han fortsette i rolla som vokalist og trommer, og fekk med seg David Sinclair frå Caravan på orgel og piano, Dave MacRae på elektrisk piano, Phil Miller frå Delivery på gitar og Bill MacCormick frå Quiet Sun på bass.[1] Namnet er eit ordspel på Machine molle, den franske omsetjinga av det førre bandet til Wyatt, Soft Machine.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Det første, sjølvoppkalla albumet deira kom ut april 1972 og det meste vart komponert av Wyatt sjølv, med unntak av «O Caroline» (ein song avDave Sinclair med tekst av Wyatt etter det nyleg var slutt med kjærasten Caroline Coon) og Phil Miller sin «Part of the Dance».[1] Sinclair var kort tid etter ute av gruppa og vart erstatta av den newzealandske klaverspelaren og komponisten Dave MacRae, som alt hadde vore gjesteartist på det første albumet.[1] Det andre albumet deira, Matching Mole's Little Red Record var produsert av Robert Fripp frå King Crimson og kom ut i november 1972.[1] Dette albumet bar meir preg av samarbeid, der Wyatt skreiv tekstane og vokalmelodiane, og let dei andre i bandet komponere musikken.

Matching Mole vart oppløyst seint i september 1972 like etter dei fullførte ein turné i Europa som oppvarmingsband for Soft Machine. Sinclair og Miller skipa så det meir sukessrike Hatfield and the North.[1] Ei ny besetning, som bestod av Wyatt, MacCormick, den tidlegare Curved Air-klaverspelaren Francis Monkman og jazzsaksofonisten Gary Windo, var meint å spele inn eit tredje album i 1973. Dette vart skrinlagd då Wyatt falt ut av eit vindauge i juni 1973 og vart lam frå livet og ned, og derrmed ikkje kunne spele trommer lenger.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Matching Mole (april 1972)
  • Matching Mole's Little Red Record (november 1973)
  • BBC Radio 1 Live in Concert (konsertalbum 1994)
  • Smoke Signals (konsertalbum 2001)
  • Mars (konsertalbum 2002)
  • On the Radio (2006)
  • Live at the BBC 1972 (2013)

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 808. ISBN 1-85227-745-9. 
  2. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 251. CN 5585. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]