Padma-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Padma.
Padma (bengali পদ্মা, Pôdda)
elv
Hardinge Bridge Bangladesh (3).JPG
Hardinge-brua framfor Lanon Shah-brua over Padma.
Lengd 120 km
Kjelde Ganges (Himalaya)
Munning Meghna (Bengalbukta)
Wikimedia Commons: Padma River

Padma eller Pôdda er det bangladeshiske namnet på den største munningselva frå Ganges. Ho er grenseelv mellom India og Bangladesh, og ber namnet Padma (sanskrit for 'lotus') frå ho renn inn i Bangladesh til ho møter Meghna ved Chandpur.

Padma renn inn i Bangladesh nær Shibganj i Chapai Nababganj-distriktet. Ganga/Padma dannar grensa mellom India og Bangladesh i rundt 15 mil før ho renn inn i Bangladesh nord i Kushtia-distriket. Ho renn hovudsakleg i søraustleg retning.

Mahananda er ei anna grenseelv som renn ut i Padma, medan Madhumati skil seg ut frå henne. Nær Arich møter Padma elva Jamuna (Djomona, eller Brahmaputra). Ho renn ut i Meghna ved Chandpur. Meghna munnar deretter ut i Bengalbukta.

Båtfart på Padma.

Elva er kjend for stadige endringar i løpet, kraftig erosjon av elvebreiddene og oppbygging av sandbankar som kan skapa nytt, midlertidig land (tsjår). Padma er ei viktig transportåre og ei rik fiskekjelde. Storbyar som Rajshahi og Pabna ligg ved breidden av Padma.

Farakka-demningen i Vest-Bengal i India, som stod ferdig i 1975, førte til ein kraftig reduksjon i vassføringa.[1]

Hardinge-brua og Lalon Shah-brua over elva er rundt 1 800 meter lange. Den føreslåtte Padma-brua lengre nede i elva, som etter planen skulle stått ferdig i 2013, ville blitt den lengste brua i Bangladesh. Prosjektet fekk problem då Verdsbanken sa opp eit lån på 1,2 milliardar US-dollar på grunn av korrupsjonsanklager.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 23°15′42″N 90°35′41″E