Paléet

Paléet var opphavleg ein stor murgard på ein etasje og låg mellom Oslo Børs og Jernbanetorget i Store Strandgade 6, dagens Fred. Olsens gate i Kristiania. Fyrste trinn av Paléet blei reist av kjøpmann og skipsreiar Christian Ancher, far til Bernt Anker, i 1744-45.
I ein periode blei bygningen nytta av danske statthaldarar i Noreg. Frå 1814 var Paléet Noregs kongebustad og nytta av Kristian Fredrik. Etter unionen med Sverige blei inngått i 1814 vart han nytta av dei svensk-norske kongane inntil Det kongelege slott stod ferdig i 1849.
Paléet brann natt til 14. mai 1942 og vart rive ned.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 442-443, ISBN 978-82-573-1760-7
- Alf Collett: Gamle Christiania-Billeder. Ny Udgave. J.W. Cappelens Forlag. Kristiania 1909, s. 115-120 og 180-189
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
