Palanderbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Palanderbukta er ein fjordarm på sørsida av WahlenbergfjordenNordaustlandetSvalbard. Fjorden strekkjer seg om lag 22 km søraustover i Gustav Adolf Land.

Fjorden ligg på austsida av Scaniahalvøya og har innløp ved Zeipelodden. Isbreen Glitnefonna ligg på vestsida av fjorden, medan Vegafonna ligg langs den inste delen. Vegafonna er ein del av Austfonna.