Palestinsk statistisk sentralbyrå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
الجهاز المركزي للإحصاء الفلسطيني (Palestinsk statistisk sentralbyrå)
HovudkontorRamallah

Palestinsk statistisk sentralbyrå (الجهاز المركزي للإحصاء الفلسطيني, engelsk Palestinian Central Bureau of Statistics, PCBS) er den offisielle statistikkførande institusjonen i Det palestinske området. Det har som hovudoppgåve å samla og presentera statistikk for området, og gje sannferdig og upartisk statistikk om demografiske, sosiale, økonomiske og miljømessige tilhøve og utviklingstrendar.[a][1]

Organisasjonen er grunnlagd som eit sjølvstendig statistisk byrå.[2] Det er ein statleg organisasjon som tilbyr tenester til styresmaktene, ikkje-statlege organisasjonar og private føretak, i tillegg til forskingsinstitusjonar og universitet. Det gjev ut Statistical Yearbook of Palestine og Jerusalem Statistical Yearbook kvart år.[3]

Hovudkontoret til byrået ligg Ein Munjed-kvarteret i Ramallah.[4]

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

  • Dr. Hasan Abu Libdeh (1993–2005)
  • Dr. Luay Shabeneh (2005–2010)
  • Ola Awad (2011–)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «To provide truthful and impartial official statistics on demographic, social, economic and environmental states and trends to serve the Palestinian citizenry.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «PCBS | Mission Statement», pcbs.gov.ps, henta 20. september 2019 
  2. Legal Basis. Palestinian Central Bureau of Statistics. Henta februar 2014
  3. Mission Statement. Palestinian Central Bureau of Statistics. Accessed February 2014
  4. "Contact Us." Palestinian Central Bureau of Statistics. Retrieved on 8 December 2018. "Palestinian Central Bureau of Statistics P.O.Box 1647, Ramallah - Palestine Ramallah City, Ein Munjed Quarter, Tokyo St. opposite to UN premises and Ramallah Cultural Palace" - Arabic address: "المقر الرئيسيالجهاز المركزي للإحصاء الفلسطينيص.ب. 1647،رام الله، فلسطينرام الله – شارع طوكيو، مقابل قصر رام الله الثقافيالرقم المجاني: 1800300300"

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]