Palm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Palm er ei gammal engelske måleining for lengd, lik 3 tommer eller 7,62 cm.

I Noreg vart palm eller palme òg nytta ved eksport av rundtømmer, og vart då rekna som lik 3,5 engelske tommer eller 3 7/18 norske tommer, som er 8,9 cm.

Palm eller liknande einingar vert òg nytta i andre land. I Nederland er ein palm lik 10 cm, medan ein i Italia nyttar palmo som er like langt.

Romarane nytta palmus minor som var lik 4 digitus eller fingrar, lik 7,4 cm. Den romerske palmus major var 12 digitus eller 22,4 cm, og skulle tilsvare lengda av ei handflate. Dette er opphavet til den spanske palmo, som er lik 20,9 cm, og den portugisiske og latinamerikanske palmo på 22,2 cm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]