Måleining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Handsbreidd er ei tidlegare måleining for lengd. Tommestokken under handa viser lengdeeiningar i bruk i dag, centimeter og tommar.

Måleiningar er storleikar som er blitt innførte som samanlikningsgrunnlag for storleikar eller eigenskapar som kan mælast. Kvar målbar storleik eller eigenskap kan gjevast som eit produkt av eit måltal og ei måleining. Den enklaste måleininga er talet eitt, som er grunnlaget for å mæla mengder eller mengder stykke. Ei bestemt mengd, til dømes dusin, ris og mol er vald som måleiningar for mengder, det vil seie mengdeeiningar. For å skildra andre fysiske storleikar som posisjon, utstrekking, volum, masse og tid tok ein tidleg i bruk storleikar som fanst i naturen, til dømes kroppsdelar (tomme, alen).

Det blir i dag stilt store krav til definisjon av måleiningar: Dei skal vere nøyaktig fastlagde, uforanderlege og internasjonalt godkjende. I fysikk og andre vitskapar har det vorte naudsynt å innføra nye omgrep, gje gamle omgrep eit meir presist innhald og å definere nye einingar for å mæle dei. Til dømes har kraft og energi vore brukt i same tyding, og blir enno brukt slik i daglegtalen, men i fysikken er dette ulike storleikar som må mælast med kvar si eining. I daglegtalen brukar ein dessutan «vekt» både om tyngde og masse, men i fysikken må tyngde, som er ei kraft, mælast med ei anna måleining enn masse. Nokre storleikar er knytte saman ved fysiske lovar, og då blir det òg ein samanheng mellom måleiningane. Dette har ført til utviklinga av einingssystem.

På 1800-talet fekk ein behov for måleiningar for elektriske storleikar, ljos og varme. Atom- og kvantefysikken førte på byrjinga av 1900-talet til måleiningar for kvantiserte storleikar som spinn og elementærladning, der måleininga er ein naturkonstant og måltalet blir kalla kvantetal.

Når storleiken som skal mælast varierer over eit stort område og/eller ein berre er interessert i endringar i storleiken, blir det brukt logaritmiske måleiningar, som er ein rein talstorleik, lik logaritmen til tilhøvet mellom to storleikar av same art. Den eine kan vera ein referansestorleik, sjå til dømes desibel og Richters skala. Måleininga blir gjeven på ein skala, og storleiken av eininga er avhengig av kor på skalaen ein er.

I nokre tilfelle er måleininga omtalt som ein grad. Vanlegvis viser dette til ein skala der det er gjort ei lineær inndeling mellom to faste målepunkt som på eldre temperaturskalaer. Måleiningane på skalaen kan variere. Nokre skalaer er reint fenomenologisk definert, som Beaufort-skalaen for måling av vindstyrke, og ein kan ikkje tala om ei måleining, men berre om ein skalaverdi.

Lengd[endre | endre wikiteksten]

Areal[endre | endre wikiteksten]

Volum[endre | endre wikiteksten]

Masse[endre | endre wikiteksten]

Kraft[endre | endre wikiteksten]

Trykk[endre | endre wikiteksten]

Energi[endre | endre wikiteksten]

Effekt[endre | endre wikiteksten]

Vanlege britiske og amerikanske einingar[endre | endre wikiteksten]

Lengd[endre | endre wikiteksten]

  • 1 mile (statue mile, mi) = 1609,34 m
  • 1 yard (yd) = 0,9144 m
  • 1 foot (ft) = 30,48 cm
  • 1 inch (in) = 2,54 cm

Areal[endre | endre wikiteksten]

  • 1 mile² (sq.m) = 2,59 km²
  • 1 acre = 4840 yard² = 4046,858 m²
  • 1 yard² (yd²) = 0,836 m²
  • 1 foot² (ft²) = 929 cm²
  • 1 inch² (in²) = 6,452 cm²

Volum[endre | endre wikiteksten]

  • 1 yard³ (yd³) = 0,7646 m³
  • 1 foot³ (ft³) = 28,317 dm³
  • 1 inch³ (in³) = 16,387 cm³

Britiske[endre | endre wikiteksten]

Amerikanske[endre | endre wikiteksten]

  • 1 petroleum (rå) barrel (pet.barar) = 158,987 l
  • 1 (liquid) barrel (bar) = 119,24 l
  • 1 bushel (bu) = 35,24 l
  • 1 gallon (US gallon) = 3,785 l
  • 1 (liquid) quart = 0,946 l
  • 1 liquid pint (li.pt) = 0,473 l
  • 1 dry pint (dry pt) = 0,551 l
  • 1 cup = 0,24 l

Masse[endre | endre wikiteksten]

  • 1 long (gross) ton (UK) (t) = 1016,0 kg
  • 1 short (net) ton (US) (sh t) = 907,2 kg
  • 1 hundredweight (cwt) = 50,802 kg
  • 1 short hundredweight (sh cwt) = 45,359 kg
  • 1 quarter (qu) = 12,7006 kg
  • 1 stone (st) = 6,3503 kg
  • 1 pound (lb) = 0,4536 kg
  • 1 ounze (oz) = 28,350 g

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«målenhet» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Måleining