Panama by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Panama by
Panama by
Panama by
Styresmakter
Land Panama
Geografi
Koordinatar 8°59′″N 79°31′″WKoordinatar: 8°59′″N 79°31′″W
Plassering
Panama by is located in

Panama by er hovudstaden i Panama og ligg i Panamabukta ved Stillehavet. Byen ligg vidare ved endepunktet til jarnbanen over Panamaeidet, nokre kilometer frå staden der Panamakanalen endar i Stillhavet. Han hadde i 2000 eit innbyggjartal på 708 400. Økonomien i byen er i stor grad basert på tenesteytingar til kanalsona.

Byen vart grunnlagd i 1519 av spanjolane og er den eldste europeiske byen på det amerikanske fastlandet. Handelen til Spania med Peru og dei andre koloniane ved Stillehavet gjekk gjennom Panama by. Byen vart øydelagd i 1671 av Henry Morgan, og bygd opp att i 1674. Han vart hovudstad i 1903.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Panama by

Kjelder[endre | endre wikiteksten]