Panamapapira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Panamapapira (engelsk: Panama Papers), Panama-dokumenta, Panama-avsløringane eller Panama Papers-lekkasjen, er ei offentliggjering av omtrent 11,5 millionar dokument som vart leke ut frå advokatfirmaet Mossack Fonseca i Panama.[1][2] Dokumenta, som vart leke ut 3. april 2016, viste at advokatfirmaet hadde hjelpt ei stort mengd rike og kjende personar verda over i plassering av pengar og eigarskap i såkalla skatteparadis.[3] Dokumenta namngjev over 500 bankar, 214 000 verksemder og fleire statsoverhovud, politikarar og milliardærar, inkludert rundt 200 norske kundar.[4]

Dokumenta vart først leke ut av ein varslar til to journalistar, Bastian Obermayer og Frederik Obermaier i den tyske avisa Süddeutsche Zeitung.[5] Dei to journalistane delte seinare opplysningane med International Consortium of Investigative Journalist (ICIJ). Den 3. april 2016 vart saka offentleggjort samstundes i 109 aviser, online-medium og fjernsynsstasjonar i 76 land.[6] Det har ikkje vorte gjort kjent korleis dokumenta har vorte skaffa fram, men Mossack Fonseca har omtalt det som eit datainnbrot.[7]

Dokumenta har avslørt informasjon som har hjelpt til at éin statsminister sa opp stillinga si, og at Panama «har avgjort å innføra internasjonale skatterapporteringsstandarder».

Panama Papers-prosjektet fekk Pulitzer-prisen i 2017.[8]

Offentliggjeringa[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Land med offentlege tenestemenn som er nemnd i dokumenta.

Lekkasjen av 11,5 millionar dokument er frå det Panama-baserte advokatfirmaet Mossack Fonseca. Totalt 2,6 terabyte[9] data namngjev 140 selskap med tette band til offentlege styresmakter. Leiar i organisasjonen International Consortium of Investigative Journalist uttala at lekkasjen vil vera det største slaga skatteparadis-næringa nokon gong har teke  med tanke på breidda av dokumenta.

Samarbeidande medieføretak[endre | endre wikiteksten]

Under granskinga av Panama Papers deltok fram til offentliggjeringa 376 journalistar i 109 medieorganisasjonar frå 76 land. Blant medieføretaka som samarbeidde var:

Afrika[endre | endre wikiteksten]

  • Senegal: Ouestaf News

Amerika[endre | endre wikiteksten]

  • Argentina: La Nación, Canal 13
  • USA: The Miami Herald

Asia[endre | endre wikiteksten]

  • India: The Indian Express
  • Japan: Asahi Shimbun

Midtausten[endre | endre wikiteksten]

Europa[endre | endre wikiteksten]

  • Tyskland: Süddeutsche Zeitung, WDR, NDR (Rechercheverbund NDR, WDR und Süddeutsche Zeitung)
  • Austerrike: Falter, ORF
  • Sveits: SonntagsZeitung
  • Belgia: Le Soir
  • Canada: CBC Radio One, Toronto Star
  • Danmark: Politiken
  • Frankrike: Le Monde, Premières Lignes
  • Irland: The Irish Timest
  • Italia: Espresso
  • Nederland: Trouw, Het Financieele Dagblad
  • Noreg: Aftenposten
  • Polen: Gazeta Wyborcza
  • Russland: Novaja Gaseta, Vedomosti
  • Storbritannia: The Guardian, Panorama, BBC
  • Spania: La Sexta, El Confidencial

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Reporter Timest.
  2. Avsløringane
  3. «Tidenes største journalistiske prosjekt avslører hvordan statsledere og politikere i hele verden gjemmer bort milliarder». Aftenposten. 
  4. «Panama Papers». Aftenposten - Panama Papers. 
  5. «Eine Quelle, 400 Journalisten (Seite 1)». www.ndr.de. 
  6. «Panama Papers: Ein Netz für geheime Vermögen». tagesanzeiger.ch/. 
  7. Advokatfirmaet hevdar Panama-avsløringene er straffbare
  8. «Panama Papers wins Pulitzer Prize».
  9. Om panama papers hos

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]