Pantsjarevosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Pantsjarevosjøen
innsjø
none Pantsjarevosjøen sett frå aust med Vitosjafjella i bakgrunnen.
Pantsjarevosjøen sett frå aust med Vitosjafjella i bakgrunnen.
Region Vest i Bulgaria
Høgd over havet 600 moh
Lengd km
Breidd 700 km
Koordinatar G°M′N/S G°M′E/W
Wikimedia Commons: Pancharevo Lake

Pantsjarevosjøen (Панчаревско езеро) er ein kunstig innsjø vest i Bulgaria i enden av Pantsjaervogjelet, som elva Iskar renn gjennom.

Pantsjarevo frå demninga

Innsjøen ligg 600 moh mellom fjella Vitosja og Lozenska planina, om lag 15 km søraust for hovudstaden Sofia. Han er 3 km lang, opp til 700 m brei og 30 meter på det djupaste. Landsbyane Pantsjarevo og Kokaljane og mineralkjelda Pantsjaervo ligg ved den vestelge breidda av innsjøen, medan eit vasskraftverk ligg i sør. Området er ein populær friluftstad for innbyggjarane i Sofia, og det er oppretta fleire sportsenter og restaurantar rundt innsjøen. Lenger opp i gjelet ligg det to andre kunstige innsjøar. Pantsjarevosjøen er ein av drikkevasskjeldene til Sofia.