Parabolantenne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Parabolantenne

Parabolantenne er ein type antenne for mottak av høgfrekvente radiosignal (mikrobølgjer) frå direktestrålande sendarar.

Namnet kjem av at tverrsnittet av reflektor på antenna er parabelforma (med parabelens opning mot sendaren) og såleis gjer det mogleg å fokusere parallelt innkomande strålar mot eit punkt på antenna der eit mikrobøljgehovud er plassert. Ein annan spesiell eigenskap ved parabolantenner er at innkommande parallelle strålar reiser like lang veg til fokuspuktet og vil difor vere i fase med kvarandre og signalet vert såleis forsterka.

Parabolantenner vert nytta i det meste av satellittbasert kommunikasjon og distribusjon, det gjeld både overvaking, punkt-til-punkt-kommunikasjon og kringkasting. Antenna må då plasserast innanfor satellitten sitt dekkingsområde og parabolen vert difor retta mest mogleg mot satellitten. For kringkastingsføremål nyttar ein geostasjonære satellittar som går i bane over ekvator ganske rett sør for oss, berre nokre grader til aust eller vest

Slike antenner vert også nytta i telekommunikasjon i såkalla punkt-til-punkt radiolinjesystem, sjølv om reflektoren her vanlegvis er skjult bak eit deksel så den ikkje ser parabolforma ut.