Paraskevi Tsiamita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paraskevi Tsiamita
Fødenamn Παρασκευή Τσιαμίτα
Statsborgarskap Hellas
Fødd 10. mars 1972
Vólos
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Paraskevi Tsiamita (fødd 10. mars 1972) er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Volos som vart verdsmeister i tresteghopp i 1999.

Tsiamita deltok ikkje i internasjonale meisterskap før 1998. Under europameisterskapen i Budapest forbetra ho i kvalifiseringa den personlege rekorden kraftig til 14,23 m, i finalen nådde ho 13,90 m og vart nummer ni. Sommaren 1999 var Tsiamita i sitt livs form. Den 1. august landa ho på 6,93 m i ei lengdehopptevling i greske Pátra, hennar livs lengste hopp. I tresteg-kvalifiseringa under friidretts-VM 1999 i Sevilla tre veker seinare smelte Tsiamita til med eit hopp på 15,07 m. Like langt kom ho ikkje i VM-finalen, men eit bestehopp på 14,88 gav henne gullmedaljen i øvinga. Sidan var ho plaga med skadar og gav opp idretten i 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]