Parinacota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 18°17′S 69°15′W
Parinacota
fjell
none
Land Flag of Bolivia.svg Bolivia, Flag of Chile.svg Chile
Fjellkjede Andes
høgd 6 348 moh
koordinatar 18°17′S 69°15′W

Parinacota er ein massiv, 6 348 moh høg stratovulkan på grensa mellom Chile og Bolivia. Vulkanen er del av vulkangruppa Nevados de Payachata. Ein annan stor vulkan i området er Pomerape.

Parinacotas siste utbrot fann stad for i kring 1 700 år sidan. Eitt av dei mest dramatiske utbrota hende for cirka 8 000 år sidan då ein stor kollaps i vulkanen skapte ein lavine med 6 km³ lausmasse av det som ein gong var del av vulkanen. Steinane i lavinen stoppa flaumen av masse, og skapte innsjøen Chungará.

Parinacota og Pomerape ligg mellom Sajama nasjonalpark i Bolivia og Lauca nasjonalpark i Chile.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]