Paripolitikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Paripolitikk er ein økonomisk politikk som går ut på å halde verdien av valutaen til eit eller fleire land stabil i høve til ein viss historisk pengeverdi, eller i høve til prisen på gull. Denne typen valutapolitikk, støtta av finanspolitiske verkemiddel, har vore vanlegast i når det har vore større valutasvingingar i samband med med krig eller krise.

Den norske paripolitikken i 1920-åra er eit kroneksempel på kor gale ein slik politikk kan føre av stad.

I starten av den første verdskrigen vart Noregs Bank si plikt til å løyse inn setlar mot gull mellombels oppheva 5.8.1914, og kursen på krona flaut. Det vart også innført forbod mot å føre gull og sølv ut av landet. Setelmengda vart firedobla i løpet av krigsåra 1914-1918, likevel steig kroneverdien på grunn av den sterke veksten i fraktinntektene til handelsflåten. Gullinnløysing vart gjeninnført i mars 1916, men fordi setlane var meir verde enn den offisielle kursen mot gull, blei banken friteken for plikta til å kjøpe gull mot å levere ut setlar i april same året.

Så blei gullinnløysinga oppheva igjen, den 19. mars 1920. Inflasjon og stor vareimport etter krigen førte til at krona mista tillit og fall kraftig i verdi.

For den norske sentralbanksjefen Nicolai Rygg var det svært viktig å få «krona tilbake til pari», det vil seie til verdien før verdskrigen. Omsynet til småspararane og viljen til sparing låg tungt bak denne politikken - inflasjonen hadde medført at verdien av oppsparte pengar var blitt lågare. Han førte såleis ein stram penge-, rente- og kredittpolitikk for å oppnå dette. Denne politikken forsterka den økonomiske krisa i 1920-åra. Pari kurs mot pund blei oppnådd i 1926.

Den auka kroneverdien gav mellom anna følgjande problem i den norske økonomien, som naturlegvis varte ved også etter at pari kurs var oppnådd: Lån som vart tekne opp då krona hadde ein låg verdi rundt 1920 måtte etter kvart betalast tilbake med kroner som var mykje meir verdt. Til dømes ein bonde måtte såleis produsere meir varer for å betale det same kronebeløpet i rente og avdrag. Resultatet vart dermed mellom anna at mange bønder fekk store gjeldsproblem, med tilhøyrande tvangsauksjonar over gardar for dei som ikkje klarte å betale dei reelt dyrare låna.

Eit anna problem var, at denne politikken gjekk ut over investeringane: Med ein aukande kroneverdi vart det dyrare og meir risikabelt å låne for å investere i nye tiltak. Manglande investeringar førte deretter til fallande etterspørsel og forbruk, og auka arbeidsløyse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]