Partenogenese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bladlus som før ein unge

Partenogenese (frå gresk partheno - jomfru og genesis - fødsel) eller jomfrufødsel er, i biologien, ei kjenning for ein særskild form for formeiring. Individ med denne reproduktive strategien legg egg som veks til levedyktige vaksne individ utan først å verte befrukta av nokon hann. Organismar som praktiserer partenogenese vert kalla partenogenetiske.

Ein kjenner partenogenese frå ei rekkje organismegrupper og i fleire variantar. Organismar med syklisk partenogenese varierer mellom kjønna og ukjønna formeiring i periodar - til dømes er dei fleste bladlus partenogenetiske gjennom sommaren, men formeirar seg kjønna ut mot hausten. Det er kjend få reint partenogenetiske dyr - hjuldyrordenen Bdelloidea er det einaste dømet på ei dyregruppe som har heldt seg partenogenetisk over ei lengre periode med tid; ulike overslag tyder på at dei kan ha klart seg utan kjønna formeiring for så mykje som 40[1] og 80[2] millionar år.

Sidan avkom av partenogenetisk formeiring berre har fått arvemateriale frå ein forelder, vil det vera genetisk heilt likt mor si. Ein partenogenetisk bestand vil difor ha langt mindre genetisk variasjon enn ein kjønna ein av same storleik. Ein reknar med at dette er årsaka til at så få kjende organismegrupper har klart å halda seg reint partenogenetiske over tid; trass i at strategien produserer meir avkom på kort sikt vil ikkje desse ha det naudsynte mangfaldet i arvematerialet til å kunne tilpassa seg nye levekår.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Freeman, Scott & Herron, Jon C. (2007): Evolutionary analysis Pearson Education Inc.
  • Brusca & Brusca (2002): Invertebrates Sinauer Associates