Partialtrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Partialtrykk er trykket kvar enkelt gass i ei gassblanding (ideell gass) ville hatt om han aleine okkuperte det same volumet.

I kjemi er partialtrykket til ein gass i ei gassblanding definert som for ein ideell gass. Partialtrykket til ein gass oppløyst i ei væske er partialtrykket gassen hadde hatt i ein gassfase i likevkt med væska ved same temperatur.[1] Partialtrykket til ein gass er eit mål på den termodynamiske aktiviteten til gassmolekyla. Gassar vil alltid strøyme frå området med høgt partialtrykk til område med lågt partialtrykk, og jo større trykkskilnaden er jo raskare vert gasstraumen.

Damptrykk er trykket til ein damp i likevekt med dei andre fasane til stoffet (t.d. væske eller fast stoff). Oftast vert uttrykket brukt til å skildre tendensen ei væske har til å fordampe. Det er eit mål på tendenes molekyl og atom har til å forlate ei væske eller eit fast stoff. Væska sitt kokepunkt er lik punktet der damptrykket er lik det omliggande atmosfæriske trykket.

Gassar vert løyst opp, spreidd eller reagerer i forhold til partialtrykka deira, og ikkje nødvendigvis i forhold til konsentrasjonen i ei gassblanding.

Dalton si lov for partialtrykk[endre | endre wikiteksten]

Partialtrykket til ein ideell gass i ei blanding er lik trykket gassen ville hatt om han okkuperte det same volumet aleine ved same temperatur. Dette er fordi molekyla i ein ideell gass er så langt frå kvarandre at dei ikkje vekselverkar med kvarandre i det heile tatt. Gassar i den verkelege verda er tilnærma lik ein ideell gass.

Ein konsekvens av dette er at det totale trykket i ei blanding av ideelle gassar er lik summen av kvart partialtrykk til kvar indivduelle gass i blandinga. Dette er utrykt i Dalton si lov[2] Til dømes kan ein ha ei ideell gassblanding av nitrogen (N2), hydrogen (H2) og ammoniakk (NH3):

der:  
= totalt trykk i gassblandinga
= partialtrykket til nitrogen (N2)
= partialtrykket til hydrogen (H2)
= partialtrykket til ammoniakk (NH3)

Ideell gassblanding[endre | endre wikiteksten]

Molbrøken til ein individuell gasskomponent i ei ideell gassblanding kan uttrykkast i form av komponenten sitt partialtrykk eller i mol av komponenten:

og partialtrykket til ein individuell gasskomponent i ein ideell gass kan ein få ved hjelp av uttrykket:

der:  
= molbrøken av ein indivudell gasskomponent i ei gassblanding.
= partialtrykket til ein indivduell gasskomponent i ei gassblanding

partial pressure of any individual gas component in a gas mixture

= mol av ein indivduell gasskomponent i ei gassblanding
= total mol av ei gassblanding

Molbrøken av ein gasskomponent i ei gassblanding er lik den volumetriske brøkdelen av komponenten i ei gassblanding.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]