Passbit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metriske passbitar.

Ein passbit er ein nøyaktig handsama og herda stålbit som vert nytta til justering av instrument for lengdemåling. Passbitane har parallelle endeflater med nøyaktig utmålt avstand, og er så godt polerte at dei festar saman. For dei mest nøyaktige vert lengda gjeve i μm (mikrometer) med ein maksimal feil på 0,05 μm. Ein ordnar passbitane i seriar av bitar med ulik lengd slik at ein ved kombinasjon kan oppnå den lengda ein måtte ynskja frå 0,5 mm og med ei nøysemd på 1 μm ved 100 mm. Dei første nøyaktige passbitseriane vart konstruerte av den svenske oppfinnaren Carl Edvard Johansson, og passbitar blir difor ofte kalla Johanssons kombinasjonsmålarar eller Johanssons kalibrar.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Passbiter. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013.