Passivhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det første passivhuset i Darmstadt 1991
Termogram for eit passivhus (t.h.) samanlikna med eit tradisjonelt hus (t.v.)
Døme på eit passivhusvindauge.

Passivhus (tysk Passivhaus) er hus med ein spesiell konstruksjon som gjev eit vesentleg lågare energibehov enn tidlegare standardar. Konseptet er utvikla i Tyskland, der det òg er utarbeidd kriterium for sertifisering av passivhus og passivhusutbyggarar. Passivhus har eit energibehov som er ca. 25% av norma for tradisjonelle bustader. Energibehovet blir redusert gjennom passive tiltak som ekstra varmeisolasjon, ekstra god tettleik, gode vindauge, utnytting av solenergi og varmeattvinning.

I dag finst det meir enn 40 000 passivhus rundt om i verda, hovudsakleg i Tyskland og Austerrike, men også Sverige har vore tidleg ute og har i dag over 1 000 ferdige prosjekt. Konseptet omfattar både bustader, kontorbygg, skular, barnehagar, idrettshallar og sjukehus.

Innføring av krav rundt passivhus i Noreg blir diskutert både politisk og i byggenæringa. Det er usemje om i kva grad passivhusmodellen er ein god måte å redusera energibruk i bygningar på. Tilhengarar av passivhus ønsker å gjera dette konseptet til lovpålagt standard. Under ein konferanse i Oslo i juni 2011 vart ulike synspunkt og erfaringar presentert.

Sintef Byggforsk i Noreg meinte då passivhus-standard kunne og burde innførast allereie i 2015.

Kriterium[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje innført ei eiga sertifiseringsordning for passivhus i Noreg, men i 2011 kom ein norsk standard for passivhusbustader; NS 3700 – kriterium for passivhus og lavenergihus – boligbygninger.

NS 3700 inneheld kriterium for passivhus og lågenergihus. Standardar er til praktisk nytte ved planlegging, bygging og evaluering av bustader med lågt energibehov og bruk av fornybare energikjelder.

Standarden omfattar definisjonar, krav til varmetap, oppvarmingsbehov og energiforsyning og dessutan minstekrav til bygningskomponentar og lekkasjetal og krav til prøvingsprosedyrer, målemetodar og rapportering av energiytinga for bustadbygningar som kan definerast som passivhus og lågenergihus i norsk klima.

Standarden gjev tre nivå av energieffektive bustadbygningar:

- passivhus;

– lågenergihus klasse 1;

– lågenergihus klasse 2

Standarden dekker bygningar for bustadformål slik som einebustader, to- til firemannsboliger, rekkehus og bustadblokker. Krava i standarden gjeld for heile bygningar, men kriteria kan òg nyttast til å prosjektera delar av bygningar, slik som ei enkelt leilegheit, del av ein tomannsbolig eller ei enkel rekkehusleilegheit. Standarden gjeld både for nye bustadbygningar og rehabilitering av eksisterande bustadbygningar til lågenergi- eller passivhusstandard. Standarden kan brukast til å

– vurdera om bygningen tilfredsstiller krava til passivhus og lågenergihus;

– stille krav til produkt og bygningselement som blir nytta i passivhus og lågenergihus;

– stille utførelseskrav til bygningstekniske arbeider for passivhus og lågenergihus.

Standarden kan også danna grunnlag for forskriftskrav og energi- og miljømerkeordningar. Standarden bygger på energibehovutrekningar etter NS 3031

Det tyske passivhaus-instituttet i Darmstadt i Tyskland har følgjande kriterium for passivhus:

  • Årleg oppvarmingsbehov skal ikkje overstiga 15 kWh/m²år.
  • Passiv utnytting av sol. Dette blir oppnådd med at mykje av vindaugsarealet vender mot sør (+/- 30°).
  • Kompakt bygningskropp som gir ein låg utvendig vegg- og takflate i forhold til golvarealet i bygningen.
  • Superisolert bygningskropp, med U-verdier under 0,15 W/m²K i vegg, tak og golv.
  • Yttervegger utan kuldebruer. Lekkasjetalet skal ikkje overstiga 0,6 luftvekslingar per time (ca. 7 gongar betre enn dagens norske forskriftskrav), noko betyr at mindre enn 5 % av innelufta blir skifta ut i løpet av ein time som følgje av utettheiter i bygningskroppen.
  • Superisolerte vindauge, med total U-verdi for vindaugskonstruksjon lik eller under 0,80 W/m²K.
  • Balansert ventilasjon med høyeffektiv varmegjenvinning, med verknadsgrad på minst 80 %. Vifteeffekten må òg vera låg (SFP < 1,5 kW/m³/s)
  • Energieffektive kvitevarer og belysning (A-merkede produkt)

Ein stor del av varmebehovet til tappevatn og romoppvarming blir ofte dekt av varmepumper som tar varme frå avtrekkslufta, og/eller termiske solfangarar. Det låge, resterande energibehovet (elektrisitet og termisk behov) kan dekkast av lokalt generert fornybar energi (solceller på taket, vindmøller, biobrenselkjel eller liknande).

Energiutrekning og planlegging[endre | endre wikiteksten]

Energisimulering for eit passivhusprosjekt er gjort ved hjelp av PHPP, eit verkty utvikla av Passivhausinstitut i Darmstadt, som evaluerer verknaden av alle bygningselement, klimasamanheng, kuldebruer, sol, varme krav og energiforbruk av hushaldsapparat, mellom anna i prosjektet.[1][2]

Fordeler ved passivhus[endre | endre wikiteksten]

Redusert energibruk som følgje av meir energieffektive bygg er det viktigaste enkelttiltaket for å redusera det norske energiforbruket.

Eit passivhus har noko høgare byggekostnader enn eit vanleg hus, men desse kostnadene vil ein som regel tena inn att gjennom bruk.

I passivhus-konseptet blir det lagt vekt på at løysingane skal gi god termisk komfort og god luftkvalitet, og at alle installasjonar og bygningstekniske løysingar skal vera robuste og brukarvennlege.

Ulemper ved passivhus[endre | endre wikiteksten]

I byggebransjen er nærare halvparten av utsleppa knytt til framstilling og transport av byggemateriala og til sjølve byggeprosessen, medan bruken av den ferdige bygningen berre står for den andre halvdelen. Det er derfor betydeleg rom for innsparing gjennom fornuftig val av byggemateriale. Dette er ikkje innregnet i passivhus-standarden som einsidig legg vekt på korleis bygningen skal fungera etter at den er oppført.

Døme på passivhus i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er talet passivhusprosjekt aukande sidan folk blir meir interessert i komfort og energisparing.

Nybygg[endre | endre wikiteksten]

Det første sertifiserte norske passivhuset vart bygd i 2007 i Sørumsand ca. 30 km aust for Oslo, og består av 2 leilegheiter, med eit samla areal på 322 m².[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. PHPP – the Passive House Planning Package, arkivert frå originalen 19. oktober 2011, henta 23. oktober 2022 
  2. http://passiv.de/
  3. Sørumsand