Pastel de nata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pastél de Belém på eit fat.

Pastel de nata eller pastel de Belém er eit portugisisk bakverk laga av butterdeig med eggekrem.[1]

Pastel de Belém er laga av ein sprø butterdeigbotn fylt med ein krem ​​laga av mjølk, egg, sukker, sitron og kanel. I pastel de nata er sitron ofte utelaten.[2][3]

Pastel de nata vert tilbydd på mange kafear og konditori i Portugal og rundt om i verda, særleg i tidlegare portugisiske koloniae. Den originale oppskrifta tilhøyrer no utelukkande Fábrica dos Pastéis de Belém i Lisboa, og berre bakverk frå denne verksemda kan kallast Pastél de Belém. I fabrikk-kafeen vert bakverket framleis tradisjonelt ete varmt og dryst med melis og kanel. Fabrikken produserer meir enn 10 000 bakverk kvar dag.

I 2009 kåra The Guardian pastel de Nata til ein av dei 50 beste rettane i verda.[4]

Historia[endre | endre wikiteksten]

I 1837 byrja munkar i Hieronymittklosteret i Belém å selje pastélar for å få inntekter til å forsørgje seg sjølve. På den tida var Belém ikkje ein del av Lisboa, men dampbåtar tok turistar frå Lisboa til Belém. Hieronymittklosteret og Belémtårnet tiltrekte seg etter kvart talrike turistar, og desse hjelpte til med å spre Pastéis de Belém utover i verda.

Liknande bakverk er kjende før 1700-talet av katolske munkar og nonner i Santa Maria de Belém i Lisboa.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hva er Pastel De Nata? - notmywar.com». www.notmywar.com. Henta 17. desember 2021. 
  2. «Pastéis de Nata». godt.no (på norsk bokmål). 3. juni 2009. Henta 17. desember 2021. 
  3. «10 Most Popular Portuguese Pastries». www.tasteatlas.com. Henta 17. desember 2021. 
  4. «The 50 best foods in the world and where to eat them». the Guardian (på engelsk). 12. september 2009. Henta 17. desember 2021. 
  5. «História». Pastéis de Belém (på portugisisk). 23. januar 2015. Henta 17. desember 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pastel de nata