Paul Dahlø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Dahlø
Fødd29. august 1885
Frøya
Død2. mai 1967
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Paul Martin Dahlø (29. august 18852. mai 1967) var ein norsk fiskar og politikar frå Frøya i Sør-Trøndelag som representerte Arbeidarpartiet, både som ordførar i Sør-Frøya og stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag.

Dahlø var son til ein fiskar. Han var sjølv fiskar frå 1899 til 1910 og deretter eitt år sjømann i utanriksfart. I 1911 tok han skipper-eksamen i Kristiansund og var fram til 1945 skipper på fiskebåtar som dreiv fiskje langs norskekysten.

Frå 1925 var Dahlø heradsstyrerepresentant i Sør-Frøya fram til 1955. Perioden 1934-41 var han ordførar i heradet, til dess han var avsett av okkupasjonsmakta. Han fekk tilbake ordførarposten i mai 1945 og sat i den til 1947. I mange år var han formann i fiskerinemnda i Sør-Frøya. Åra 1936-45 var han styremedlem i Norges Sildesalslag og deretter styremedlem i Norges Fiskarlag til 1951. I tida 1941-46 var han styreformann i Yrkesskolen for fiskere i Sør-Trøndelag.

Gjennom mange av mellomkrigsåra var Dahlø ein av dei fremste Arbeidarparti-politikarane i Sør-Trøndelag. Ved fleire stortingsval, så som i 1927, 1930 og 1936, var han nær å sikre seg tingplass, men enda som høvesvis 1. og 2. vararepresentant. Fyrst hausten 1945 fekk han fast sete på Stortinget frå Sør-Trøndelag. Etter to attval vart han verande på Tinget til 1957, då han var 72 år gammal. Heile tida var han medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]