Paul Løyning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Løyning
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mars 1895
Sauda kommune
Død

23. april 1960 (65 år)
Oslo kommune

Yrke zoolog

Paul Løyning (13. mars 189523. april 1960) var ein norsk zoolog og skulemann frå Sauda.

Far til Løyning var lærar i folkeskulen og kyrkjesongar i heimbygda Sauda. Etter han døydde tok mor til Løyning med seg barneflokken og busette seg i Stavanger. Paul Løyning var lærar i Stavanger skuleåret 1914/15, sidan underviste han i Oslo. Han tok matematisk-naturvitskapleg embetseksamen i 1922 og var konservator ved Zoologisk museum i Oslo frå 1926 til -33. Både i 1930,- 31 og -32 deltok han som marin zoolog i dei norske ekspedisjonane til Aust-Grønland. Frå 1933 var han lektor i Oslo.

Løyning skreiv ein del zoologiske avhandlingar og omsette fleire zoologi- og biologi-bøker til norsk. Mellom anna omsette han fleire læreverk i biologi til norsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]