Oslo kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oslo kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oslo
Adm.senter Oslo
Areal 454 km²
 - land 427 km²
 - vatn 27 km²
Folketal 658 390 (1. januar 2016)
Folketettleik 1 542 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Marianne Borgen (SV)
Kommunenummer 0301
NO 0301 Oslo.svg

Oslo kommune er ein kommune som ligg i indre Oslofjorden. Administrasjonssenteret er Oslo, hovudstaden i Noreg.

Kommunen Oslo har både kommunale og fylkeskommunale funksjonar, og omfattar fjordstrekninga mellom munningen av Lysakerelva i vest og munningen av Gjersøelva i søraust og strekker seg nordover inn i Nordmarka. Kommunen grensar til fylka Akershus, Buskerud og Oppland. Kommunane han grensar til er Nittedal, Skedsmo, Lørenskog og Enebakk i aust, Bærum og Ringerike i vest, Ski og Oppegård i sør, og Lunner i nord.

Oslo har sidan 1837 fått fleire utvidingar i Aker, det tidlegare heradet som låg omkring byen. Dei største utvidingane blei gjennomført i 1859 og i 1878, før resten av Aker blei lemma inn i Oslo i 1948. Eit mindre område, Tangerud-området, blei overført frå Skedsmo i 1980.

Kommune- og bysymbolet til Oslo blei godkjent 1624 og viser ein mannsperson med tre piler, ein møllestein og ein glorie sittande på ei trone med løveforma sidestykke, under føttene ligg ei kvinne og i bakgrunnen er fire stjerner. Omskrifta «Unanimiter et constanter Oslo» blir til vanleg omsett som einig og fast, Oslo. Seglet er opphavleg frå 1300-talet og finst i fleire versjonar etter dette. Dagens utgåve kom i stand til byjubileet 1924. Motivet refererer til segna om Hallvard Vebjørnsson og døden hans.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Oslo sett frå Holmenkollen

Av arealet i Oslo på 454 km2 høyrer om lag 307 km2 til Oslomarka. Grensa mellom Oslomarka og byggesonen blei trekt i slutten av 1930-åra, og det har berre vore små justeringar sidan det. Av dei resterande rundt 147 km2 var i 1994 112 km2 av dette bygd grunn, der 64 km2 av det var brukt til bustader. Større ubygde areal i byggesonen finst berre på Søndre Nordstrand i søraust. Dessutan finst det einskilde mindre, ubygde areal rundt om i byen.

Fleire øyar med verdfull fauna, flora og geologi, og dessutan med ei interessant kultursoge, ligg i det området av indre Oslofjord som høyrer med til Oslo, så å seia i hamnebassenget i byen. Av verneomsyn gjeld det restriksjonar av ymse slag for dei fleste øyane. Somme av øyane har bru til fastlandet og har fast busetnad, andre er friområde med badeplassar eller område for private fritidshus, og har samband til byen (Vippetangen) med rutebåt med same takst og vilkår som det kollektive transportsystemet elles i Oslo.

I tillegg til byen Oslo, ligg tettstaden Movatn i Oslo kommune, på grensa mot kommunen Nittedal.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Oslo har hatt ei parlamentarisk styreform sidan 1986. Det betyr at kommunen har eit byråd - tilsvarande Regjeringa, og eit bystyre - tilsvarande Stortinget. Byrådet blir valt av bystyret og er avhengig av støtte frå bystyret for å bli sitjande. Frå 1992 har byråda den direkte leiinga av sine respektive byrådsavdelingar, på linje med forholdet mellom statsrådane og departementa. Det er byrådet sjølv som bestemmer kor mange og kva for byrådsavdelingar det skal ha.

Oslo rådhus, sete for den kommunale administrasjonen i Oslo.

Oslo kommunestyre, og høgste styresmakt for avgjerder, er bystyret med 59 medlemmer. Bystyret er delt inn i fire fagkomitear, i tillegg til finanskomiteen og forretningsutvalet. Leiarane og nestleiarane av komiteen er politikarar på heiltid. Bystyret blir leid av ein ordførar. Ordføraren blir valt av og mellom medlemmane i bystyret. Valet skjer på det konstituerande møtet til bystyret. Ordførarvervet, som i andre kommuner, er det sentrale politiske tillitsvervet. I det nye styringssystemet er vervet i større grad enn tidlegare lagt til representative oppgåver. Oslo er frå 2004 delt inn i 15 bydelar med kvar si forvalting og eit folkevalt bydelsutval. Sidan 2007 har bydelsutvala blitt valt ved direkteval. Bydelane har ansvaret for primærhelsetenester og sosialtenestene i sine bydelar, frå 2004 utvida med enkelte andre funksjonar som skolefritidsordninga, forvalting av lokale parkar, transporten for funksjonshemma og forvalting av enkelte økonomiske bustadtilskot.[2]

Fylke[endre | endre wikiteksten]

Oslo har fylkeskommunal status frå 1842. Før dette høyrde Oslo til Akershus fylke. I geografisk forstand har kommunen og fylket Oslo vore synonyme med kvarandre.

Som fylke utgjer Oslo eit eige valdistrikt ved stortingsval, og sender 19 representantar til Stortinget inkludert utjamningsmandat. Oslo har derimot ikkje nokon eigen fylkeskommunal administrasjon eller noko folkevalt organ på fylkesplan. Desse funksjonane blir tekne av tilsvarande kommunale institusjonar. Oslo har felles fylkesmann med Akershus fylke og dei fleste statlege organa på fylkesnivå er delt mellom dei to fylka.[2]

Kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Oslo kommune omfattar fem prosti med 38 sokn i Den norske kyrkja. Prostia er Nordre Aker, Oslo domprosti, Søndre Aker, Vestre Aker og Østre Aker / Groruddalen. Alle høyrer til Oslo bispedømme, som har sete i Oslo.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Den rådande vinden i Oslo er sørleg om sumaren, og om vinteren nordleg til nordaustlege. Sidan byen ligg skjerma til vert vindstyrken berre moderat, og det er ofte vindstille. I høgtrykkssituasjonar i vinterhalvåret er det liten horisontal og vertikal utveksling av luft, med tendens til at luftureininga hopar seg opp i dei lågareliggjande områda av byen.

Blindern er middeltemperaturen –4,3 °C for januar, 16,4 °C for juli og 5,7 °C for heile året. Den høgaste temperaturen som er målt her er 34,2 °C (august 1982), og den lågaste temperaturen –26,0 °C (januar 1941). September er den våtaste månaden av året med ein normalnedbør på 90 mm. Februar er den turraste med 36 mm, medan normalen for heile året er 763 mm. I snitt kjem det 1 mm nedbør eller meir 113 dagar av året.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oslo. Store norske leksikon (09.09.2016). Vitja 11. september 2016.
  2. 2,0 2,1 Oslo – administrasjon. Store norske leksikon (26.09.2011). Vitja 11. september 2016.
  3. Oslo – klima. Store norske leksikon (17.06.2009). Vitja 30. august 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]