Pave Gregor XIII
Utsjånad
| Gregor XIII | |||
| | |||
| Gregorius XIII | |||
| Dåpsnamn | Ugo Buoncompagni | ||
|---|---|---|---|
| Fødd | 1. januar 1502 Bologna | ||
| Død | 10. april 1585 Roma | ||
| Vald | 13. mai 1572 | ||
| Føregangar: | Pius V | ||
| Etterfylgjar: | Sixtus V | ||

Gregor XIII (fødd Ugo Boncompagni, 1. januar 1502–10. april 1585) var pave frå 14. mai 1572 til han døydde i 1585. Han var ein viktig figur under motreformasjonen, og kjempa for å ta tilbake område Kyrkjestaten hadde tapt. Gregor er best kjend for innføringa av den gregorianske kalenderen, som er det mest brukte kalendersystemet i verda i dag.