Pavullo nel Frignano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Montecuccoli-borga

Pavullo nel Frignano er ein by og ein kommune i provinsen Modena i regionen Emilia-Romagna i Italia. Kommunen har i kring 17 500 ibuarar og dekker ei flatevidd på 143,7 km². Byen Pavullo ligg 682 meter over havet, inne mellom Appenninane.

Mellomalderborga Castello di Montecuccolo vart byrja bygt frå 1000-talet. Hærføraren Raimondo Montecuccoli vart fødd i borga i 1609.

Landbruk er hovudnæring i kommunen, som sidan 1927 har hatt flyplassen Aeroporto di Pavullo nel Frignano.

Fotballspelaren Luca Toni vart fødd i Pavullo nel Frignano.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]