Emilia-Romagna
[[Fil:|180px]] | |
![]() | |
Kart som viser plasseringa til Emilia-Romagna i Italia | |
Hovudstad | Bologna |
---|---|
President | Vasco Errani |
Provinsar | 9 |
Kommunar | 341 |
Areal | 22 124 km² |
- Rangering | 5. (7,3 %) |
Folketal (2006 est.) | |
- Totalt | 4 187 557 |
- Rangering | 6. (7,1 %) |
- Tettleik | 189/km² |
Heimeside | www.regione.emilia-romagna.it |
Emilia-Romagna er ein av tjue regionar i Italia og har Bologna som hovudstad. Regionen har eit areal på 20 124 km² og om lag 4,2 millionar innbyggjarar. Det er den nest rikaste regionen i Italia og mattradisjonane her frå er godt kjend.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Emilia-Romagna ligg nord i Italia og består av dei to historiske regionane Emilia og Romagna. Regionen ligg mellom Adriahavet i aust, elva Po i nord og Appenninane i sør.
Av andre regionar grenser Emilia-Romagna til Lombardia og Veneto i nord. og i sør til Toscana og Marche, samt republikken San Marino.

Emilia-Romagna er delt inn i ni provinsar:
Historie[endre | endre wikiteksten]
Emilia-Romagna var ein del av områda til etruskarane før det vart erobra av romarane. Namnet på regionen har røter tilbake til romartida og Emilia refererer til via Æmilia, ein viktig romerveg frå Roma til dei nordlege delane av Italia. Romagna er ei omforming av Romània, då Ravenna var hovudstad i den italienske delen av Austromarriket, og langobardarane haldt fram med å nytte namnet på området rundt Ravenna. Kystområda av Emilia vart styrt av austromarriket frå 540 til 751. I mellomalderen følgjer historia til Emilia og Romagna historia til individuelle byar. På 1500-talet vart dei fleste av desse byane innlemma i Kyrkjestaten, men områda til Parma, Piacenza og Modena vart verande sjølvstendige fram til Emilia-Romagna vart ein del av Kongedømet Italia i 1859-1861.
Demografi[endre | endre wikiteksten]
Byar i Emilia-Romagna med meir enn 50 000 innbyggjarar.
Kommune | Innbyggjarar (2006 est.) |
---|---|
Bologna | 373 743 |
Modena | 180 469 |
Parma | 175 789 |
Reggio Emilia | 157 388 |
Ravenna | 149 084 |
Rimini | 135 682 |
Ferrara | 132 471 |
Forlì | 112 477 |
Piacenza | 99 340 |
Cesena | 93 857 |
Imola | 66 340 |
Carpi | 64 517 |
Faenza | 54 749 |
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Kart over Emilia-Romagna Arkivert 2005-11-13 ved Wayback Machine.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Emilia-Romagna frå Engelsk Wikipedia .
![]() |
|