Peder Elibert Tonning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Elibert Tonning
Fødd 7. september 1847
Død

18. mars 1927

Peder Elibert Tonning (7. september 184718. mars 1927) var ein norsk forretningsmann og konsul. Han var fødd i Ålesund der han starta eiga forretning for sal av fisk og sild. I 1874 flytte han, av helsemessige grunnar, til Santander i Spania. Her var han med på å grunnlegge fiskeimportfirmaet Velasco & Tonning, som importerte fiskeprodukt, særleg klippfisk og rogn frå Noreg. Seinare vart firmanamnet endra til E. Tonning.

Tonning drog kvart år til Noreg på kombinert forretningsreise og ferie. Han var eigar av Hotel Union Øye frå då det vart bygt i 1891 og fram til 1913. Mykje av formuen sin testamenterte han til Ålesund Gamleheim og Ålesund Fiskerimuseum. Ålesund Museum som då hadde teke over drifta av fiskerimuseet fekk på denne måten tilført kapital som sikra drift og investeringar i mange år.

Tonning vart i 1898 utnemnd til norsk-svensk visekonsul i Santander. Frå 1906 var han ulønna norsk visekonsul. Det heldt han fram med til i 1917. Same året vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Einar Knudsen: ÅLESUND MUSEUM GJENNOM 30 ÅR 1903 - 1933 Ålesund museum 1934