Hopp til innhald

Santander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santander
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Cantabria
Høgd 15 m
Areal 36,08 km²
Folketal 173 635 (2024)
Grunnlagd 26 fvt.
Postnummer 39001–39012
Kart
Santander
43°28′00″N 3°48′00″W / 43.466666666667°N 3.8°W / 43.466666666667; -3.8
Wikimedia Commons: Santander

Santander er ein hamneby og hovudstaden i den autonome regionen Cantabria på nordkysten av Spania mellom Asturias i vest og Baskarland i aust. Byen har kring 180 000 innbyggjarar, om lag ein tredjedel av innbyggjarane i Cantabria.

Santander, om lag 1590 – av Joris Hoefnagel.
Palacio de la Magdalena.
Santander

Under Romarriket var byen kjend som Portus Victoriae Iuliobrigensium. Det noverande namnet kjem frå St. Emeterio (Santemter, Santenter, Santander), ein martyr som i følgje ei segn fekk hovudet avhogd og ført hit på 200-talet, i lag med hovudet til St. Celedonio.[1]

I 1187 gjorde kong Alfonso VIII abbeden av San Emeterio til herre i byen og i 1248 deltok Santander i slaget om Sevilla. Som løn for dette fekk byen byvåpen.

Byen vart grunnlagd ved dei flotte hamnetilhøva i Santanderbukta. Santander var ein viktig hamneby for Castilla seint i mellomalderen og dreiv handel med Den nye verda. Han fekk offisielt bystatus i 1755.

I 1894 gjekk frakteskipet «Cabo Machichaco» i lufta ved hamna og 500 menneske miste livet.

Tidleg på 1900-talet vart Santander ein populær sommarferiestad for kong Alfonso XIII, som bygde Palacio de la Magdalena som residens for kongefamilien. Byen vart populær på grunn av dette og ein viktoriansk entusiasme for bading i havet. Han er framleis ein populær feriestad.

Storbrannen i 1941

[endre | endre wikiteksten]

Santander vart råka av ein storbrann i 1941. På grunn av kraftig sønnavind varte brannen i to dagar. Berre ein mann miste livet, ein brannmann i teneste, men tusenvis av familiar vart heimlause og byen glei inn i kaos.

Då det heile var over var den historiske delen av Santander nesten heilt øydelagd. Brannen øydela det meste av mellomalderbydelen og utsletta den romanske katedralen.

Kjende personar frå Santander

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Santander