Peder I. Ramsrud
Peder I. Ramsrud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. februar 1923 Fåberg |
Død |
10. juni 2014 (91 år) |
Yrke | politikar, predikant |
Språk | norsk |
Politisk parti | Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet |
Peder Ingvaldsson Ramsrud (10. februar 1923–10. juni 2014) var ein norsk lekpreikar, forsikringsmann og politikar, fødd i Mesna i Oppland. Han representerte Oppland og Framstegspartiet på Stortinget i perioden 1989–93, og busett på Kolbu i Østre Toten.
Ramsrud voks opp på Biri, der far hans var gardsarbeidar og seinare bureisar. Sjølv gjekk han skulevinteren 1939/40 på folkehøgskulen Viken kristelige ungdomsskole og tok deretter indremisjonselskapet sin bibelskule og predikantkurs. Frå 1941 til 1957 reiste han så rundt som forkynnar, utsend frå Det norske lutherske Indremisjonsselskap. I denne tida skreiv han fleire songar, best kjend er «I romerbrevet åtte, jeg bor i nummer tre». Etter Ramsrud slutta som predikant, prøvde han å livnære seg som kunstmålar. Sidan arbeidde han i over tretti år i forsikringsbransjen til 1989.
Ramsrud melde seg i 1973 prompte inn i Anders Langes parti og vart med vidare då det endra namn til Framstegspartiet i 1977. Han var medlem 1977-85 i Østre Toten kommunestyre og 1981-91 i Oppland fylkesting, dei siste fire år med plass i fylkesutvalet. Hausten 1989 vart han vald til stortingsmann frå Oppland, som den fyrste representanten frå Framstegspartiet. I fireårsperioden 1989-93 var han så medlem i Landbrukskomiteen. Han vart ikkje attvald i 1993.