Pekingkonvensjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Signeringa av Pekingkonvensjonen. Illustrasjon frå 1883 etter eit kinesisk måleri.

Pekingkonvensjonen av 18. oktober 1860 var ein tilleggsavtale til Tianjintraktaten, der dei framande maktene etter Den andre opiumskrigen påla Kina ytterlegare forpliktingar.

Kina måtte opna hamna i Tianjin for oversjøisk handel, gje utanlandske flåteeiningar lov til fri ferdsel på elvane sine, og gje kinesiske borgarar lov til å emigrera på britiske skip.

Dessutan måtte Kina betala krigsskadeerstatningar på ytterlegare 16 millionar liang og innrømma generell tollfridom for tekstilimporten. Kina måtte òg avstå halvøya Kowloon til den britiske kronkolonien Hongkong.

Delar av Ytre Mandsjuria vart overførte til Det russiske riket. Russarane fekk Ussuri kraj, ein del av det moderne Primorje, eit område som tilsvarer den gamle mandsjuiske provinsen Aust-Tartaria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]