Pelsdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylvrevskinn.
Kongeleg hermelinpels (røyskattpels). Den dansk-norske kongen Christian VII (1749-1808).

Pelsdyr er slike dyr som vert jakta på eller oppdretta i fangenskap framfor alt av di pelsen på dyra (huda med håra på) kan nyttast som pelsverk, til dømes som klede for menneske i form av pelskåper og anna, som teppe (fell) eller anna. Dyr som vert jakta på eller oppala for å vere mat eller gjere nytte for seg på anna måte, som til dømes storfe, sau, reinsdyr, hare, vert ikkje rekna som pelsdyr i vanleg meining, sjølv om skinnet kan nyttast med håra på.

Dei viktigaste pelsdyra i kommersiell samanheng i Noreg er rev og mink, som i fangenskap er avla fram i ulike fargar, som til dømes som sylvrev. Jakta på selungar for pelsen si skuld var viktig i tidlegare tider, og spelar framleis ei viss kommersiell rolle, sjølv om slik pels ikkje er lett å omsetje i våre dagar. Vinterpelsen av røyskatt, kalla hermelin, har vore eit statussymbol for mellom anna kongar og rikfolk i gamal tid.