Rev
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå rev i sjø.
Rev | ||
![]() Raudrev. Foto: National Park Service
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Mammalia | |
Orden: | Carnivora | |
Familie: | Canidae | |
Slekter | ||
|
Revar (Vulpini) er altetande landlevande rovdyr i hundefamilien. Revane er inga systematisk gruppe, men er sett saman av fleire liknande hundedyr.
Det finst ulike reveartar i nær alle verdsdelane. Den best kjende reven i Noreg er raudrev, men det finst òg ei mindre gruppe fjellrev i landet.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Revar er mindre enn dei fleste andre hundedyra, med ein storleik typisk lik den til ein huskatt. Dei lever som regel åleine innanfor strengt oppdelte territorie, og held til i revehi. Dei kan bli 10–12 år, men dette er uvanleg i naturen.
Kultur[endre | endre wikiteksten]
Revar blir gjerne rekna som slu og smarte dyr. Han er kjend som den lure vennen til den dumme bjørnen i norsk folkedikting, og som lurefiguren Reynard i fleire europeisk tradisjonar.
Eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula er kalla reven.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
