Penicillinallergi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjernestrukturen i penicillin, der «R» er variabelgruppa

Penicillinallergi er ein lækjemiddelrelatert attåtverknad som oppstår ved bruk av penicillin.

Vanlege attåtverknadar (≥1 % av pasientar) ved bruk av penicillin er diaré, hypersensitivitet, kvalme, utslett, nevrotoksisitet, elveblest og superinfeksjon (inkludert candidiasis). Uvanlege attåtverknadar (0,1-1 %) inkluderer feber, oppkast, erytem, eksem, angioødem, anfall (særleg hjå personar med epilepsi) og pseudomembranøs kolitt.[1]

Smerte og betennelse rundt injeksjonsstaden er vanleg for parenteralt administrert benzatinbenzylpenicillin, benzylpenicillin og, i mindre grad, prokainbenzylpenicillin.

Penicillin er den høgst rapporterte allergien. Mindre enn 20 % av alle pasientar som trur dei har penicillinallergi er eigentleg allergiske;[2] penicillin er likevel den vanlegaste årsaka til alvorlege lækjemiddelreaksjonar. Det oppstår ein immunologisk reaksjon mot Streptolysin S, eit toksin sloppe ut av visse daude bakteriar, som kan føre til fatale kardiale synkopar.[3]

Allergiske reaksjonar mot β-laktam-antibiotika kan oppstå hjå bortimot 1 % av pasientar.[4] Den allergiske reaksjonen er ein type I hypersensitivitet. Anafylaksi oppstår hjå kring 0,01 % av pasientar.[1] Tidlegare rekna ein med at det var bortimot 10 % kryssfølsemd mellom penicillin-derivat, cefalosporiner og karbapenemer, sidan desse deler ein felles β-laktam-ring.[5][6] Nyare forsking viser likevel inga kryssfølsemd for andregenerasjonscefalosporiner eller nyare typar.[7][8] Nyare forsking har vist at ein viktig funksjon ved bestemminga av immunologiske reaksjonar er likskapen mellom sidekjeda i fyrstegenerasjonscefalosporiner og penicillin, i staden for β-laktam-strukturen dei delar.[9]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 Rossi S, editor, red. (2006). Australian Medicines Handbook. Adelaide: Australian Medicines Handbook. ISBN 0-9757919-2-3. 
  2. Salkind AR, Cuddy PG, Foxworth JW (2001). «Is this patient allergic to penicillin? (. An evidence-based analysis of the likelihood of penicillin allergy». JAMA 285 (19): 2498–505. 
  3. B. N. Halpern; S. Rahman (1968). «Studies on the Cardiotoxicity of Streptolysin 0». Br. J. Pharmac. Chemother. 
  4. Solensky R (2003). «Hypersensitivity reactions to beta-lactam antibiotics». Clinical reviews in allergy & immunology 24 (3): 201–20. 
  5. Dash CH (1975). «Penicillin allergy and the cephalosporins». J. Antimicrob. Chemother. 1 (3 Suppl): 107–18. 
  6. Gruchalla RS, Pirmohamed M (2006). «Clinical practice. Antibiotic allergy». N. Engl. J. Med. 354 (6): 601–9. 
  7. Michael Pichichero (2006). «Cephalosporins can be prescribed safely for penicillin-allergic patients» (PDF). The Journal of family practice 55 (2): 106–12. 
  8. Pichichero ME (2007). «Use of selected cephalosporins in penicillin-allergic patients: a paradigm shift». Diagn. Microbiol. Infect. Dis. 57 (3 Suppl): 13S–8S. 
  9. Antunez C, Blanca-Lopez N, Torres MJ; et al. (2006). «Immediate allergic reactions to cephalosporins: evaluation of cross-reactivity with a panel of penicillins and cephalosporins». The Journal of Allergy and Clinical Immunology 117 (2): 404–10.