Peptidoglykan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peptidoglykan i ein cellevegg. Merk peptidbindingane mellom aminosyrekjedene i NAM.

Peptidoglykan eller murein er ein polymer av to sakkarid; N-acetylglukosamin (NAG) og N-acetylmuraminsyre (NAM). Stoffet finst i celleveggane til nesten alle bakteriar, i fleire kjeder som bind seg til kvarandre med aminosyrene i NAM si sidekjede.

Penicillin hindrar syntetisering av peptidoglykan, som er nødvendig for å lage nye celleveggar når bakteriene skal dele seg. Eukaryotar har ikke cellevegg av peptidoklykan. Penicillin er difor effektivt mot mange bakteriar, men relativt ufarleg for menneskeceller.

Arkebakteriar manglar peptidoglykan og har i staden pseudopeptidoglykan, kor NAM er bytta ut med N-acetyltalosaminuronsyre (NAT). Dette stoffet har òg sidekjeder av aminosyrer.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.