Per Anders Todal
Utsjånad
| Per Anders Todal | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 1. desember 1968 (57 år) |
| Yrke | journalist, skribent |
| Språk | norsk |
| Per Anders Todal på Commons | |
Per Anders Todal (fødd 1. desember 1968) er ein norsk journalist og forfattar. Todal voks opp på ein gard i Todalen i Aure kommune på Nordmøre. Han har studert psykologi, historie og medievitskap på Universitetet i Bergen og på University of California, Berkeley.
Sidan 1997 har han arbeidd i Dag og Tid. Todal har også spelt på Todalens eigen festival, Rock mot ras, med bandet sitt, Krank.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Fanden på flat mark. Historier frå Kviterussland Essay- og reportasjebok (Samlaget, 2009)
- Slag under beltestaden må ein berre bøye seg for Aforismesamling (Dag og Tid, 2005)
- Når alt kjem til alt, blir ingenting borte Aforismesamling. (Dag og Tid, 2008).