Per Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Jørgensen
Per Jørgensen Nattjazz 2015-2.jpg
Fødd 9. september 1952
Bergen
Yrke jazzmusikar
Per Jørgensen på Commons

Per Jørgensen (fødd 9. september 1952) er ein norsk jazzmusikar (trompet) som er kjend som ein allsidig musikar (vokal, gitar) frå et titals innspelingar og leiar av ei rekkje jazzorkester i Bergen.

Han var lenge med i Bergen Blues Band (1974-85), også som vokalist, og spela i Knut Kristiansen sin kvintett samt andre orkester i byen. Også i The Gambian/Norwegian Friendship Orchestra deltok han, som har gjeve vidareføring med Miki N’Doye Orchestra (Tuki, 2006).

Han har sidan 1990 leia trioen Jøkleba med Audun Kleive og Jon Balke til ei rekkje innspelingar, samt trioen J.I.G. med Terje Isungset og Ole Amund Gjersvik (1992-). Jørgensen har elles medverka på innspelingar og turnear med mellom andre Jon Balke sitt orkester, Eldbjørg Raknes, Knut Kristiansen, Jan Gunnar Hoff, Berit Opheim, Svein Folkvord (til Vossajazz 2004), Edvard Askeland (til Vossajazz 2005), Kari Bremnes, Cæcilie Norby og Terje Isungset.

I trioar og duettar med gitaristen Tobias Sjögren har han sidan 1990 gjeve ut The Thule spirit (1996) og Unspoken songs (Curling Legs, 2006). Han har fått Vossajazz-prisen (1991) og «Årets jazzmusikar» i 1991, utdelt av Foreningen norske jazzmusikere, Buddyprisen (1995) og Radka Toneff Minnepris (2001).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]