Per Kristoffersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Kristoffersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1937
Fredrikstad
Død

2. mars 2023 (85 år)
Fredrikstad

Idrett fotball

Per Kristoffersen (fødd 12. oktober 1937) er ein norsk tidlegare fotballspelar som spelte for Fredrikstad FK, kjend under kallenamnet «Snæbbus». Han var med på seks triumfar, tre seriemeisterskap og tre cupmeisterskap, med klubben.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kristoffersen var midtspiss i Fredrikstad i over tolv sesongar, 1956-68. Allereie i 1957 kunne han glede seg over stor suksess med siger 6-1 i seriefinalen mot Odd, og 4-0 i cupfinalen mot Sandefjord. Samstundes vart han toppskårar i serien, ein prestasjon han kopierte i 1960, 1961 og 1966. Etter å ha tapt mot Lillestrøm SK i seriefinalen 1959, fekk FFK revansje med 6-2 mot same Lillestrøm året etter. I 1961 gjentok Kristoffersen prestasjonen frå 1957; siger i seriefinalen og siger i cupfinalen, samt toppskårar i Hovedserien. «Snæbbus» og FFK vann bronsemedaljen i 1. divisjon 1961/62, den såkalla maratonserien, og sølvmedaljar i 1964 og 1966. I cupen måtte FFK tole finaletap 1-2 mot Skeid i 1963, men fyrst etter ekstraomgangar. Eit siste høgdepunkt opplevde Kristoffersen då FFK vann NM-finalen 1966 med 3-2 over Lyn. Han la opp i 1968, etter å ha skåra 146 mål i norsk toppserie. Einast fire spelarar i norsk toppfotball har sidan overgått skyttarkongen «Snæbbus» i talet på nettkjenningar.

Kristoffersen debuterte 12. juni 1957 på Ullevaal stadion då Noreg overraska stort og vann over Ungarn med 2-1. I tida fram til hans 25. og siste landskamp i 1966 var det inn og ut av laget for den snøgge og skotviljuge midtspissen, som skåra til saman seks landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1957, 1960 og 1961 med Fredrikstad
  • Noregsmeister: 1957, 1961 og 1966 med Fredrikstad