Perlesnormanet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perlesnormanet
Perlesnormanet
Perlesnormanet
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Nesledyr Cnidaria
Underrekkje: Medusozoa
Klasse: Hydrozoa
Orden: Siphonophorae
Familie: Apolemiidae
Slekt: Apolemia
Art: Perlesnormanet A. uvaria
Vitskapleg namn
Apolemia uvaria

Perlesnormanet (Apolemia uvaria) er ein kolonimanet som kan vere opptil 30 m lang. Koloniane er pelagiske. Dei kan finnast på 1000 meter djupn. Dei driv for det meste med havstraumane, men har ei viss evne til å forflytte seg sjølv.

Perlesnormanet er utbreidd i Stillehavet, Middelhavet og Atlanterhavet.

Manetene kan gjere skade på fisk. Særleg utsette er fiskeopdrettanlegg. Den lange kolonien er samansette av mange individ, og kan gå i oppløysing om kolonien møter hindringar, som bølgjer, turbulens og fysiske hindringar. Ein del av enkeltindivida har sterk neslegift som kan føre til at fisk kan få sår og skadar på gjellene, og brannskadar i skinnet.[1]

Perlesnormaneta har fleire gonger ført til fisketap i laksemerdar. I 1997 gjekk i alt 10-12 tonn laks tapt i to anlegg på Vestlandet. I 2001 var det 600 tonn fisk som døydde, no og i Trøndelag.

I 2021, 2022 og 2023 har det vore ein auke i perlesnormanet-førekomst langs kysten, noko som har skapt nye problem for fiskeanlegg.Havforskingsinstituttet har måtte avlive eigen fisk grunna dyrevelferden etter manet-åtak på sjøanlegget i Austevoll.

I november 2023 måtte ein ved Havforskingsinstituttet sitt anlegg i Austevoll kommune avlive fisk grunna dyrevelferd etter manet-åtak.[2]

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. «Perlesnormanet har skada oppdrettsfisk fleire stadar». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 22. november 2023. Henta 2. desember 2023. 
  2. «Slik kan perlesnormanet påverke oppdrettsfisk». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 15.desember 2023. Henta 2. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]