Perseidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perseidane (PER)
The 2010 Perseids over the VLT.jpg
Ein perseid over Very Large Telescope]]
Oppdaga 36 evt. (først registrert)[1][2]
Opphav Swift–Tuttle[3]
Stjernebilete Persevs
Rektascensjon 03h 04m[3]
Oppstår i 23. juli - 20. august[3]
Dato for størst aktivitet 13. august[3]
Snøggleik 58[4] km/s
Zenithal hourly rate 80[3]
Sjå òg: liste over meteorsvermar

Perseidane, iblant kalla Laurentiussvermen, er ein meteorsverm med størst aktivitet omkring 12. august kvart år, årsaka av kometen Swift-Tuttle. Perseidane har fått namnet fordi punktet på himmelen som dei ser ut til å kome frå, den såkalla Meteorregnradianten, ligg i stjernebildet Persevs.

Ein, eller kanskje to, perseidar. Vinterbrauta i bakgrunnen.

Meteorregnet kjem når jorda kryssar bana til kometen Swift-Tuttle. Langs bana strekker seg ein "meteordis" (den såkalla Perseiddisen) av partiklar som er frigjorte frå kometen. Det meste av stoffet i disen i dag er om lag tusen år gamalt, men det finst ein yngre del av disen som stammar frå ein straum som losna frå kometen i 1862. Hastigheita til meteorar frå denne delen er markert større enn gjennomsnittet. Meteorane er oftast små – som sandkorn – og vert pulveriserte av friksjonen mot jordatmosfæren og når jordoverflata som støvkorn. Større steinar genererer ein større friksjon, og for at desse skal nå jordoverflata krevst ein storleik større enn ein neve.

Historie og opphav[endre | endre wikiteksten]

Perseidane har vorte observerte gjennom siste 2 000 åra. Den tidlegaste kjende noteringa om desse meteorane kjem frå Midt-Austen. I Europa vart Perseidane kjende som "Sankt Lars sine tårer".

Observasjonar[endre | endre wikiteksten]

Perseidane er synlege frå midt i juli kvart år, med størst aktivitet 8.-14. august og topp den 12. august. Då når talet meteorar 60 i timen eller meir. Dei kan sjåast over heile stjernehimmelen, men grunna Swift-Tuttle si bane er dei framfor alt synlege frå den nordlege halvkula.

For å oppleve meteorregnet til fulle bør omgjevnaden vere så mørk som mogeleg, utan måne og langt frå stader med kunstig ljos. Perseidane har ein brei topp i syklusen, så regnet er synleg fleire netter. Aktiviteten byrjar langsamt og blir omfattande kring klokka 11 på kvelden, når radianten stig høgare på himmelen. Talet meteorar aukar sidan stendig utover natta og toppen kjem 1½ til 2 timar før soloppgangen, straks før det vert for lyst. År 2010 gjekk nymånen ned innan meteorsvermen byrja. Dette gav gode observasjonstilhøve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dr. Bill Cooke; Danielle Moser; Rhiannon Blaauw (2012-08-11). «NASA Chat: Stay ‘Up All Night’ to Watch the Perseids!». NASA. p. 55. http://www.nasa.gov/pdf/677215main_Perseids2012.pdf. Henta 2013-08-16. 
  2. Gary W. Kronk. «Observing the Perseids». Meteor Showers Online. http://meteorshowersonline.com/perseids.html. Henta 2009-08-12. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Moore, Patrick; Rees, Robin (2011), Patrick Moore's Data Book of Astronomi (2nd utg.), Cambridge University Press, s. 275, ISBN 0521899354, http://books.google.com/books?id=2FNfjWKBZx8C&pg=PA275 
  4. Żołądek, P.; Wiśniewski, M.; Olech, A.; Krasnowski, M.; Kwinta, M.; Fietkiewicz, K.; Złoczewski, K.; Mularczyk, K.; et al. (October 2009), «The 2004 Perseid meteor shower - Polish Fireball Network double station preliminary results», Journal of the International Meteor Organization 37 (5): 161–163, Bibcode2009JIMO...37..161Z 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Perseidane