Pesk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mann og kvinne frå Karasjok i pesk. Bilete frå Norges Nationaldragter frå 1852.

Pesk (nordsamisk beaska), mudd, mutt (nsam. muoddá, akk. og gen. muottá) eller finnmudd er ei samisk pelskufte hovudsakleg laga av reinsdyr, gjerne reinkalvskinn. Pesken har ikkje opning framme, som ei kåpe, men blir trekt over hovudet. Han blir stramma i livet med belte. Innanfor pesken kan ein ha dork, ein innerpels der håra er vend inn mot kroppen.

Langs kantar og saumar kan pesken ha påsydde detaljar av skinn eller tekstil, til dømes band, duskar og flettearbeid.

Både Roald Amundsen og Fridtjof Nansen nytta pesk under sine oppdagingsferder i polare strok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]