Karasjok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karasjok
tettstad
none  Karasjok gamle kyrkje
Karasjok gamle kyrkje
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Karasjok
Areal 2,43 km²
Folketal 1 839 (2015)
Folketettleik 757 / km²
Postnummer 9730 KARASJOK
Innbyggjarnamn karasjoking
Preposisjon i Karasjok

Karasjok, nordsamisk Kárášjohka, er ein tettstad og administrasjonssenter i Karasjok kommune. Staden ligg ved elva Kárášjohka. Innbyggjartalet er om lag 1900, noko som utgjer om lag 67 % av folketalet i kommunen. Kárášjohka/Karasjok har fått namn etter elva som renn gjennom staden, Kárášjohka.

Viktige samiske institusjonar er lagt til Karasjok, til dømes Det norske sametinget, NRK Sámi Radio, det nasjonale museet Dei samiske samlingar, Samisk spesialistlegesenter, Samisk kunstnarsenter, Indre Finnmark prosti, Samisk spesialbibliotek, Indre-Finnmark rettshjelpskontor og Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. Karasjok gamle kyrkje er den eldste trekyrkja i Finnmark.

Fotnotar[endre wikiteksten]