Peter Munheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Munheim
Fødd 6. januar 1891
Død

21. juli 1984 (93 år)

Yrke lyrikar

Peter Gitlesson Munheim (6. januar 189121. juli 1984) var ein norsk gardbrukar og lyrikar frå det tidlegare Varaldsøy herad.

Munheim gav ut Einsemdsongar i 1925, ei samling med «kjenslesterke natur- og elskhugdikt» og med innslag av dikt med «sterk nasjonal appell». I 1942 kom Atlantiske dikt der han mellom anna skildrar turar til Island og Kanariøyane. «Einsemd og Atlantis-lengt, naturoppleving og hist[orisk] kjensle» er karakteristisk for lyrikken til Munheim. Hans sjette og siste diktsamling, Kveldspel, kom i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]