Peter Pan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Filmplakat frå den første filmatiseringen av Aldriland-romanen Peter Pan og Wendy i 1924.

Peter Pan er ein figur skapt av J.M. Barrie (1860–1937) i skodespelet Peter Pan frå 1904 og i tre bøker: The little white bird (1902) Peter Pan (engelsk Peter Pan in Kensington Garden, 1906) og Peter Pan og Wendy (Peter and Wendy, 1911). Den siste av bøkene er blitt filmatisert fleire gonger; mest kjend er Disney-filmen Peter Pan (1953).

Dei fire bøkene tek for seg to ulike forteljingar. Den best kjende delen av forteljingane handlar om det eventyrlege livet til Peter Pan i fantasilandet Neverland, og om korleis han tek med seg borna i Darling-familien dit. Peter i Kensington Gardens har ein mykje yngre og forskjellig gutefigur enn Peter i Neverland, men det nære sambandet mellom gutane og alvane er eit fellestrekk.[1]

Peter Pan er òg brukt som ein psykologisk arketype; om personar, særleg menn, som kvir seg for å bli vaksne.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sylvia Llewelyn Davies, fotografert av Barrie i 1898.
Arthur Rackham illustrerte Peter Pan in Kensington Gardens (1906) som er eit alveeventyr om korleis spedbarn forlèt heima sine og kjem saman med alvane i Kensington Gardens.
George Frampton sin skulptur av Peter Pan i Kensington Gardens blei reist i 1912 på initiativet til forfattaren.
Skogguden Pan er ein av inspirasjonane til Peter Pan; Peter er både alv, skogdemon, forførar, trickster, utemma natur-tilstand og uskyldig barn. «Peter is never an actual child, but the age's constriction of the child, the sentimental or nostalgic memory of the little boy lost.»[2]

Då bøkene kom ut var Barrie allereie ein etablert forfattar; dels med prosaforteljingar frå heimstaden til mor si i Skottland, og dels med korte, humoristiske teaterstykke. Han hadde gifta seg med skodespelaren Mary Ansell i 1894, men ekteskapet var lite harmonisk. Barrie blei etterkvart kjend for entusiastiske venskapar med unge kvinner, og som husvenn og leikekameraten til borna i fleire familiar. Mest kjend er familien Llewelyn Davies, og dei fem borna George, John (kalla Jack), Peter, Michael og Nico. Venskapen og samspelet med dei er framheva av mange som medverkande i arbeidet med Peter Pan. Barrie understreka sjølv dette sambandet i forordet til ei utgåve av Peter Pan i 1928.[3]

Peter Pan opptrerfor første gong i kapittel 13–18 i The little white bird (1902), og blei deretter hovudperson i skodespelet Peter Pan (1904). Desse to verka fortel to ulike soger om livet til Peter i ulike stadium og stadar. Peter i Kensington Gardens er vesentleg yngre og forskjellig frå Peter i Neverland, den første er berre ei veke gammal, medan den seinare er i ein ubestemmelig alder som tilsynelatande er førpubertal, ca. 10–12 år. Peter sitt nære samband til og likskap med alvane er eit fellestrekk. Dei to verka blei deretter vidareutvikla til to romanar for barn: Peter Pan in Kensington Garden (1906) og Peter and Wendy (1911).

Teaterstykket som hadde premiere i desember 1904 bygde på ein tendens i samtida til å oppvurdera barna si førestillingsverd og eventyrleiker. Dette hadde blant anna grunnlag i Robert Louis Stevenson si essaysamling Virginibus Puerisque (1881). Skodespelet Peter Pan er både eit høgdepunkt i denne leikande tradisjonen og samtidige ideal om barndom, og Barrie sin ironiske kommentar til dei same barndomsideala.[2] Stykket byggjer dessutan på fleire element frå samtidig pantomimeteater: den unge hovudpersonen, skurken som publikum kan bua ut, roller som barn kan ha, forvandlingsscener og sentimentale augneblunkar. Skodespelet hadde betydeleg suksess.[4]

Kensington Gardens[endre | endre wikiteksten]

The little white bird er ei episodisk skildring av det samtidige London. Eg-personen Captain W møter den seks år gamle David og mora hans, Mary. Eg-personen er ein dårleg kamuflert versjon av forfattaren, medan Mary og Davis er basert på Sylvia Llewelyn Davies og sonen hennar George. Historiene føregår over eit tidsrom frå Mary er svanger til David er seks år gammal.

Historiene om Peter Pan er fantasiar om kva som føregår i parken Kensington Gardens etter stengetid. Peter Pan er eit spedbarn som berre er nokre veker gammalt; han har rømt heimefrå for å sleppa å veksa opp. I parken har han omgang med alvane og den fire år gamle jenta Maimie.

Peter Pan-delen av The little white bird er skriven som eit eventyr eller fabelprosa, medan dei øvrige delane av boka er ei realistisk, personleg forteljing. I tillegg til historiene om Peter handlar boka om eg-personen sine skiftande kjensler for Mary; ho har òg eit metaperspektiv der han fortel Mary om arbeidet med å skriva boka. Eit anna hovudtema er det framveksande tilhøvet mellom eg-personen og David.

Medan The little white bird eksplisitt blei gjeven ut for eit vakse publikum, blei eventyrdelen i kapittel 13–18 gjenutgeve med praktisk talt same tekst som barneboka Peter Pan i 1906, illustrert med 49 trykk av Arthur Rackham. Illustrasjonane til Rackham gjer at boka like gjerne kan oppfattast som ei bok for kunstskjønarar som ei eigenleg barnebok.

Aldriland[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende av dei to romanane er den siste, Peter Pan og Wendy, som føregår i Aldriland (på engelsk Neverland, Draumeland i den norske Disney-versjonen). Der bur Peter Pan, fea Tingeling (Tinker Bell) og Dei bortkomne gutane (The lost boys). I Aldriland kan borna omgje seg med eventyrskikkelsar frå ulike rolleleik-scenario: sjørøvarar, indianarar, havfruer og farlege dyr. Forteljarteknisk er nytta av innskotne tilbakeblikk eit særtrekk ved boka.[5]

Peter vitjar London og tek med seg jenta Wendy Darling og dei to brørne hennar til Aldriland. Dei kjempar mot Kaptein Krok (Captain James Hook), indianarar og naturkrefter. Eit hovudmotiv i handlinga er den stadige og grunnlause rivaliseringa mellom Peter Pan og Kaptein Krok, supplert med Krok si komiske frykt for den tikkande krokodillen som forfølgjer han.

Då Peter til sist førar dei tre borna tilbake til London antyder han at forføringa og flukta til Aldriland er ein evig syklus, og at han ein gong skal koma tilbake for å henta med seg Wendy si dotterdotter.[6]

Peter og Wendy er blitt skildra som ei svært tvitydig bok, og som ei særeiga blanding av komedie og brutalitet, sentimentalitet og seksualitet.[6][7] Peter sjølv oppfører seg for det meste destruktivt og egoistisk, og forfattaren ser ut til å antyda at det er ein naturleg del av det å vera barn. Barrie sine tankar om den grunnleggjande manipulerande veremåten til kvinna, kan sjåast i tilhøvet mellom Wendy og Peter.[3]

Det er meningsberande at dei tre Darling-borna blirbortførte den siste natta Wendy held til på barnerommet, før ho skal forlata barndomen, oppgraderast til vaksen og få sitt eige rom. I Disney-versjonen ligg synsvinkelen hos Wendy: «Wendy er altså barnet som gruer seg til å bli voksen, [men som] etter mange opplevelser i Aldrilandet forstår at den lekne Peter Pan ikke kan oppfylle hennes gryende kvinneinstinkt.»[5]

Etterliv[endre | endre wikiteksten]

Barrie presenterte ved fleire høve tilføyomga til Aldriland-universet. Romanen frå 1911 inneheldt nytt material i høve til skodespelet; etter at Barrie hadde bidrege til den første filmatiseringa i 1924 skreiv han sjølv eit urealisert filmmanus; og sist då han i 1928 gav ut dramaversjonen i bokform, hadde han òg føydd til detaljar.[1]

Det er ein innarbeidd tradisjon, både i film og teater, at den same skodespelaren har rollene som herr Darling og som Kaptein Krok og at rolla som Peter blir spelt av ein kvinneleg skodespelar.[1]

Aldriland-forteljinga blei filmatisert for første gong i 1924 av Paramount Pictures, med Betty Bronson som Peter og i regi av Herbert Brenon. Ho er seinare blitt filmatisert av ei rekkje andre.[8] Den mest kjende er Walt Disney-filmen Peter Pan frå 1953, men det finst òg andre filmar basert på historia, til dømes den frå 2003 med Jeremy Sumpter i hovudrolla.[4] Ein musicalversjon blei laga av NBC i 1976, med Mia Farrow som Peter Pan, og Danny Kaye som herr Darling og kaptein Krok. Det er òg blitt laga filmar og bøker som er meint som ei fortsetjing av historia, til dømes Steven Spielberg sin <i id="mwtA">Hook</i> frå 1991, der Peter er blitt vaksen og blir konfrontert med barndomen.

I 2004 kunngjorde Great Ormond Street Hospital, rettsinnehavarane til Peter Pan-bøkene, ein konkurranse om ein offisiell oppfølgjar til Peter Pan og Wendy. Geraldine McCaughrean vann med boka Peter Pan in Scarlet, 2006). Peter Pan i rødt blei gjeven ut på norsk same året, omsett av Henning Hagerup.

Peter Pan i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Peter Pan in Kensington Garden frå 1906 er omsett av Zinken Hopp som Peter Pan, 1945 og av Tormod Haugen som Peter Pan, 1981.

Peter and Wendy frå 1911 er omsett av Elisa Bruhn-Jensen (1915), av Ranka Knudsen som Peter Pan og Wendy, 1951 og av Tormod Haugen som Peter Pan og Wendy, 1982. Vidare er ho omsett av Sidsel Mellbye som Peter Pan, 2007. Mellbye si omsetjing er illustrert av Fredrik Skavlan.

  1. 1,0 1,1 1,2 The ultimate encyclopedia of Fantasy. General editor David Pringle. Carlon Books, 2006. ISBN 978-1-84442-110-7
  2. 2,0 2,1 Julia Briggs. «Transitions (1890–1914)». I: Children’s Literature, an illustrated history. Edited by Peter Hunt. Oxford University Press, 1995. ISBN 0-19-212320-3.
  3. 3,0 3,1 R. D. S. Jack, «Barrie, Sir James Matthew, baronet (1860–1937)», Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edition, Sept 2014; lest 22. mars 2015
  4. 4,0 4,1 Camilla Bakke-Faråsengen "His terrible masterpiece" : a study of Peter Pan, its reception and its creator. Masteroppgave ved Universitetet i Oslo 2007
  5. 5,0 5,1 Knut Anders Løken «Peter Pan − bare en språkpotet?» Arkivert 2. april 2015 på Wayback Machine.; barnebokkritikk.no, 2005
  6. 6,0 6,1 Peter Hunt. An Introduction to Children’s Literature. Oxford University Press, 1994. ISBN 0-19-289243-6
  7. Opprinnelig sitat: «Peter and Wendy is higly ambiguous; an extraordinary mixture of comedy and nastiness, sentimentality and sexuality.»
  8. J.M. Barrie, imdb.com