Alv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For mannsanmnet, sjå Alf.
Alvelek
En liten dansk alv

Ein alv eller elv er eit mytologisk vesen med samband til naturen. I norrøn mytologi var alvar ein slags gudar som ein blota til for grøde. I andre tradisjonar er dei ei form for levande skapnader som liknar menneske.

Alvar er eit av dei fire viktigaste folkeslaga i Tolkiens Midgard. Alvar er etter dette vorte eit folkeslag som finst i svært mange rollespel og i fantasy-litteraturen.

Alvane i europeisk folketru[endre | endre wikiteksten]

Alvane er ikkje særs framtredande i nyare norsk folkeminne. Dei tykkjest helst vera knytte til huldafolket eller haugfolket. Elles er dei meir til stades i balladane, der dei som oftast syner seg som forførarar av menneske (alvekongen eller alvemøya). Dei høyrer difor helst til ein eldre tradisjon.

Den klassiske alven finst helst i tradisjon frå Danmark, Tyskland og England. Mykje tyder på ei tilknyting til keltisk segnstoff, der alvefolket gjerne vert kalla Daoine Sidhe (Irland) eller Tylwyth Teg (Wales). Det siste vert ofte omsett med «fagerfolket». I Frankrike vert dei ofte omtala som feer, og vert knytte til det gamle omgrepet Fata, eller lagnaden. Alt i alt er tradisjonen mangfelt, og tek opp i seg ei rekkje ulike element. Gamle folkloristiske vette, som Pixies, Leprechauns, Brownies, og fleire, vert stundom sett innunder alveomgrepet.

Som naturvette vert alvane gjerne rekna som sjellause og difor udøyelege. Av di dei manglar sjel, er dei òg frie for etos, og vert ofte rekna som amoralske. Alvane skal ein difor fara varleg med, av di dei kan hemne seg (jf. nissen)).

Mange segner og balladar er knytte til giftarmålet mellom ein døyeleg mann og ei alvejente (huldrejente i Noreg). Nokre gonger blir ho hjå mannen livet ut, andre gonger fer ho frå han etter ei tid. I nokre soger vert det sagt at alvejenta vinn ei sjel og kan leva som menneske om dei rette rituala vert utførte, eller om ho vert synt kjærleik. Men alvane vert for det meste rekna som upålitelege, om ikkje nett beint fram farlege.

Alvane til Tolkien[endre | endre wikiteksten]

Tolkien tufta alvane sine på engelsk folketru, men brigda dei på sitt eige vis. I hans dikting vert dei rekna som jamningar med menneska, og «guds born», skapte som «dei førstfødde». Dei var meint å dra seg attende når menneska tok over («manneveldet»). Soleis er alvane gode skapnader, og menneska som ikkje liter på dei, er ikkje så tiltruande, syner det seg.

Alvane kallar seg sjølve Quendi, «dei som talar», og vert framstilte som kulturskapnader snarare enn naturvette. Frå dei lærer menneska tale, song, dikting, kunst og handverk. Dei syner seg som eit ideal av danning.

Alvane er udøyelege, med eit unnatak, Lúthien, som vann dauden som menneske og fór or verda. Soga om henne vert kalla «løysing frå band», og Tolkien seier at han trur alvane fortel soger om å sleppe frå daudløysa, slik menneska fortel soger om å sleppe frå dauden.

Elles er alvane hjå Tolkien skildra som høgvaksne, lysleitte og vise, fagrare enn menneska, og ofte med eit lysskimmer kringom seg. Tolkien bygde òg opp alvemål, og let dei skilje lag i ei rekkje ulike folk og ætter med ulikt lynne.

Alv som namn[endre | endre wikiteksten]

Alv og Alf er brukte som namn og namnedelar i mellom anna norske og engelske namn. Åleine eller som ending kan dei berre brukast til mannsnamn, men som førsteledd kan dei òg vera del av kvinnenamn.

Mannsnamn Kvinnenamn

Forstavinga Alv finn ein òg i stadnamn, som Alvdal.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.