Hopp til innhald

Peterborough

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peterborough
by
Peterborough-katedralen
Land  England
Region Cambridgeshire
Distrikt Peterborough
Areal 343 km²
Folketal 194 000 (2015)
Grunnlagd 655
Postnummer PE
Retningsnummer 01733
Kart
Peterborough
52°34′21″N 0°14′35″W / 52.5725°N 0.24305555555556°W / 52.5725; -0.24305555555556
Wikimedia Commons: Peterborough

Peterborough er ein by og eit administrativt distrikt, med status både som city og sameint styresmakt, i Cambridgeshire i England. Byen ligg 55 km nordaust for Northampton med kring 190 000 innbyggjarar.

Byen ligg ved elva Nene, i eit lågtliggande og flatt område, vest for The Fens. Distriktet omfattar nokre landsbyar, som Wittering og Thorney. Byen er eit jernbaneknutepunkt og eit handelssentrum med teglverk, jernbaneverkstadar, maskin- og næringsmiddelindustri. Byen er eit anglikansk bispesete. Katedralen, som vart innvigd i 1238), er bygd i seinnormannisk stil.

Byen voks opp omkring eit benediktinarkloster frå 655, vart herja av vikingar på på 800- og 1000-talet og øydelagd av brann i 1117. Peterborough fekk status som new town i 1967.

Byen Peterborogh har eit eige fotballag som heiter Peterborough United FC. Dei spelar i Coca-Cola Championship, som er det nest øvste nivået i engelsk fotballiga.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Peterborough