Petra Kronberger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Petra Kronberger
Fødd 21. februar 1969
St. Johann im Pongau
Yrke alpinist

Petra Kronberger (fødd 12. februar 1969) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Pfarrwerfen i forbundslandet Salzburg som vann verdscupen i alpine greiner tre sesongar på rad, 1990-92. Ho vann to OL-gull i 1992 og eitt VM-gull i 1991. Kronberger er ein av få alpinistar som har vunne verdscuprenn i samtlege fem greiner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kronberger debuterte i verdscupen i 1987, og tok sesongen etter steget opp i verdseliten med eit par pallplasseringar i verdscuprenn. Ho deltok i Vinter-OL 1988 i Calgary og vart som best nummer seks i utfor, året etter var sjuandeplassen i kombinasjonen hennar fremste plassering i VM i alpine greiner 1989 i Vail i delstaten Colorado.

Midt i desember 1989 vann Kronberger sine fyrste renn i verdscupen, to utforrenn i Canada. Gjennom 1989/90-sesongen vann ho seks renn, ho triumferte både i storslalåm, kombinasjon og slalåm. Dermed kunne ho ved sesongslutt klive til topps på sigerspallen og take mot trofeet som prova at ho var verdas beste kvinnelege skialpinist.

I 1991-sesongen forsvarte ho posisjonen som verdseinar på ein overbevisande måte. Ho sigra i åtte renn i verdscupen, fordelt på alle dei fem alpine øvingane. Dermed er Kronberger ein av eit fåtal alpinistar som har vunne renn i alle greinene i verdscup-samanheng. Ved VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemm vart ho verdsmeister i utfor.

Kronberger vann gullmedaljane i både slalåm og kombinasjonen under dei olympiske vinterleikane 1992 i Albertville. Trass i at ho vann einast to renn i verdscupen i alpine greiner 1992, begge i utfor, lukkast ho å sikre seg verdscup-trofeet for tredje gong på rad.

Ho la opp som alpinist i slutten av desember 1992, då ho var gått lei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]