Petra Vogt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Petra Vogt | |
Fødd | 20. august 1950 Halle (Saale) |
Død | |
Yrke | sprinter |
Petra Vogt, gift Kandarr, (fødd 20. august 1950) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Halle an der Saale som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart trifaldig europameister under EM i friidrett 1969 i Aten.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Vogt var akkurat fylt 19 år då ho under friidretts-EM i Aten i 1969 vann både 100 meter, 200 meter og 4x100 m stafett. På 200 m slo ho landsmannen Renate Meißner på sølvplass med tre hundredals sekund, og bronsevinnaren med fire hundredels sekund. Stafettgullet vann ho saman med Bärbel Podeswa, Renate Meißner og Regina Höfer.
Under europameisterskapen i 1971 i Helsingfors kom ho på sjuandeplass på 100 m og fekk ein sølvmedalje på 4x100 meter stafett. Tre år seinare vart ho nummer åtte på 200 m i EM i friidrett 1974 i Roma.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Petra Kandarr» frå Wikipedia på tysk, den 26. august 2014.