EM i friidrett 1971

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Europameisterskapen i friidrett 1971 vart avvikla på Olympiastadion i Helsinki i tida 10.15. august 1971. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn, og 14 for kvinner.

I meisterskapen vart sett tre verdsrekordar, alle av kvinner. Karin Burneleit frå Aust-Tyskland fekk notert 4.09,6 på 1500 meter, dei austtyske kvinnene på 4x400 m stafett kom i mål på 3.29,28 og Faina Melnik frå Sovjetunionen oppnådde 64,22 meter i diskoskast. I tilegg vart sett to europarekodar; austtyskaren Hartmut Briesenick støytte kula 21,08 meter, medan det vesttyske kvinnelaget sprang i mål på 43,23 sekundar på 4x100 meter stafett.

Beste norske plassering vart oppnådd av laget på 4x400 m stafett for menn, som vart nummer åtte og sist i finalen. Laget, som bestod av Steinar Mo, Gøte Lundblad, Per Rom og Richard Simonsen, sette norsk rekord med 3.06,7 i kvalifiseringsrunda.

Medaljeoversyn
Plass Land Gull Sølv Bronse Til saman
1 Øst-Tyskland (1959–1990) 12 13 7 32
2 Mal:URS-1955 9 3 8 20
3 Tyskland 5 7 5 17
4 Tsjekkoslovakia 2 1 1 4
5 Frankrike 2 1 3
6 Flag of Finland.svg 2 2
7 Storbritannia 1 3 6 10
8 Flag of Poland.svg 1 3 5 9
9 Italia 1 1 3 5
10 Belgia 1 1
Jugoslavia (1969–1992 1 1
Flag of Austria.svg 1 1
13 Mal:ROU-1965 2 1 3
14 Sverige 2 2
15 Mal:HUN-1957 1 1 2
16 Sveits 1 1
17 Mal:GRC-1970 1 1