Petro Porosjenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Petro Porosjenko
Official portrait of Petro Poroshenko.jpg
Verkeleg namn Петро Олексійович Порошенко
Fødd 26. september 1965
Bolhrad
Yrke forretningsdrivande, politikar, diplomat, samfunnsøkonom, entreprenør
Petro Porosjenko på Commons

Petro Oleksijovytsj Porosjenko (fødd 26. september 1965) er ein ukrainsk forretningsmann og politikar. Han vart vald til ukrainsk president i 2014. Porosjenko var tidlegare utanriksminister, næringsminister og representant i Ukrainas parlament for Vårt Ukraina, eit valforbund som støtta president Viktor Jusjtsjenko. Han var i følgje Forbes den sjuande rikaste mannen i Ukraina i 2012. Han er òg den første presidenten i Ukraina som snakkar engelsk[1]


Byen Vinnytsia er det geografiske sentrumet for Porosjenko si politiske verksemd. Han vart innvald i Ukrainas parlament i 1998 og slutta seg til sosialdemokratane (Det ukrainske parti). Etter to år danna han i 2001 sitt eige parti - Solidarnost. Dette vart same år slege saman med ytterlegare fire parti til Regionpartiet med Mykola Azarov som leiar og Porosjenko som nestleiar. I desember 2001 gjekk Porosjenko ut av partiet og slo seg med Solidarnost saman med Vårt Ukraina. Han vart verdsett som ein nær medarbeider til Viktor Justsjenko og som ein viktig økonomisk bidragsytar til Oransjerevolusjonen.

Då Julija Tymosjenko vart statsminister vart Porosjenko i 2005 leiar av Ukrainas tryggingsråd. Han vart i 2006 attvald inn i parlamentet for Vårt Ukraina og vart leiar av finanskomiteen. Porosjenko vart i 2007 styreleiar i nasjonalbanken og frå 2009 til 2010 utanriksminister. Han vart 7. juni 2014 offisielt innsett som presidenten i landet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hårda ord mot Ryssland i EU-parlamentet - SVT.se