Petter Smart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Petter Smart (originalt namn Gyro Gearloose) er ein figur som inngår i Andeby-univeriset, som vi finn i Walt Disneys Donald Duck & Co. Petter Smart er oppfinnar.

Petter Smart dukka første gong opp i ei Carl Barks-forteljing, Gladstone's Terrible Secret (norsk Antons hemmelighet) i mai 1952.[1] Han var hovudpersonen i fire sider lange tilleggshistorier i Barks sine Uncle Scrooge-utgjevingar frå blad nummer 13 (mars 1956) og fram til nummer 41 (mars 1963).[2]

Figuren hadde opphavleg namnet Goggen Skrueløs i norske Donald-blad, som han først opptredde i i 1953. Frå 1954 blei han kalla Petter Smart.[3]

Med hjelp av ei tenkehette spekulerer han seg fram til fantastiske, men oftast ubrukelege oppfinningar. Han blir assistert av ein sjølvkonsturert assistent, «Lille hjeper».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gladstone's Terrible Secret». Inducks. 
  2. «Gyro Gearloose - Index». Inducks. Henta 3. desember 2019. 
  3. I følgje Jon Gisle: Donaldismen (1973/2006).