Carl Barks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Barks
Carl barks.jpg
Fødd 27. mars 1901
Merrill
Død

25. august 2000
Grants Pass

Yrke manusforfattar, skribent, kunstmålar, bonde, journalist, story artist, illustratør, teikneserieskapar, tegneserieforfatter, animatør, teikneserieskapar, storyboard artist

Carl Barks (27. mars 190125. august 2000) var ein vidgjeten amerikansk teikneserieskapar. Han skreiv og teikna mest historier om Donald Duck, og laga mellom anna Andeby, Skrue McDuck og B-gjengen. I Noreg var Barks i mange år berre kjend som den gode teiknaren.

Barks var fødd i Oregon. Foreldra var gardbrukarar, og familien flytta mykje rundt i Statane for å søkja lukka. Kanskje på grunn av dette, eller fordi høyrsla tok til å svikta, vart Carl eit einsamt barn og brukte lang tid på å fullføra skolegangen. Som vaksen tok han fleire jobbar, men i 1935 vart han tilsett i Disney Studios der han kom til å gjera ein god karriere.

Carl Barks i Finland i 1994

Ein kan seia at Carl Barks er den som gav Donald og dei andre endene i Andeby sjel. Han gav dei i alle høve personlegdomar og bakgrunnar. Donald har mange av eigenskapane til teiknaren, mellom anna er han ein sinnatagg som stadig skifter mellom dårleg betalte jobbar. Barks lét òg endene reisa ut i verda og gjorde seg flid med å få detaljane til å stemma.

Kjende historier[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]